Lørdag morgon set Fortunagjengen seg på bussen for å ta turen til Sogndal og Fosshaugane Campus.

Der skal vi møte FK Fyllingsdalen til kamp.
FK Fyllingsdalen spelar i 2.divisjon avdeling 4. med lag fråHordaland, Rogaland og event. Sogn og Fjordane.

Av mange er FK Fyllingsdalen rekna som favorittar i årets serie.

I fjor kjempa dei ein hard kamp mot Kaupanger om seriemeisterskapet, og muligheten til å spele kvalifisering om opprykk til 1.divisjon.
I siste serieomgang vart det avgjort, då Kaupanger slo dei 1-0 på heimebane. Som vi veit klarte Kaupanger å vinne kvalifiseringa og rykke opp til 1.divisjon.

Vi stiller ein tropp på 16 spelarar til kampen der alle er friske, raske og forhåpentlegvis klare til å levere ein god prestasjon.
Til no i oppkøyringa har vi variert frå det fantastiske og levert opp mot vårt toppnivå, til å ha vore meir ustabile og levert på eit for lavt botnnivå.
Vi trur på ein kamp mot eit godt lag, som vil gje oss endå ein ny mulighet
til å få god matching og testa oss ut mot tøff motstand !

Kampen vil bli oppdatert på vår facebookside ?

Kampstart på Fosshaugane Campus er kl.14.00.

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund