Fortunagjengen har denne helga våre i Oslo for å få matching på eit høgare nivå
enn det vi får her på våre trakter. Fredag møtte vi seriefavoritten i 1.divisjon Grei,
medan i dag var det topplaget i 2.divisjon Kongsvinger som var motstandar.

Grei – FK Fortuna Ålesund
Treningskamp 15.03. – Strømmen Stadion.
Resultat :
5-0(0-0).
Gule kort :
Ingen.

Slik starta vi : 1-4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine O. Muri, Mette O. Muri(K), Vilde Kroken, Kristine Gulbrandsen
Oda Tennfjord og Nora M. Ferstad
Kari Skovly, Martine A. Olsen, Ingrid Vatne
Anna Brenne

Innbytte :
-60min. Vilde ut og Daniela D. Gudnadottir inn.
-60 min. Martine ut og Solveig Engås inn.
-70min. Solveig ut igjen og Jenny Fylling inn.

Mål :
-1-0 6min.
-2-0 13min.
-3-0 35min.
-4-0 38min.
-5-0 51min.

Kampen :
Mot eit meget godt Grei-lag, så leverte vi ein god kamp og ein flott prestasjon.
Dette til tross for resultatet 5-0 til heimelaget.
Grei leia 1.divisjon til siste serierunde i 2018, og tapte til slutt kvalifiseringa til til Toppserien for Lyn.
I vinter har dei forsterka seg endå meir og har ein ekstremt dyktig angrepstrio i trekløveret Ose, Fridlund og Olsen.
Tre spelarar med mykje erfaring frå mange år i Toppserien.
Det var nettopp desse tre spelarane som skapte det meste for Grei og som skapte utfordringane for oss.
Til pause leia heimelaget 4-0 etter at sjansestatistikken var 5-3.
Det seier litt om effektiviteten og kvaliteten til desse spelarane.

Nok om Grei, men kva med Fortuna ?
Som sagt er vi meget godt nøgde med prestasjonen og måten vi gjennomførte kampen på.
Dette både i forhold til strukturen i laget defensivt, men også måten vi periodevis klarte å framstå offensivt på.
Spelarane la ned ein enorm arbeidsinnsats, der GPS-målingane våre viste ekstremt stor løpskraft på heilt øverste nivå i laget vårt.
Samstundes er det slik at fotballkampar blir avgjorte i og rundt 16 meterane, og der viste Grei at dei har nokre klassespelarar som var den store skilnaden på laga.

Kongsvinger – FK Fortuna Ålesund
Treningskamp 17.03. – Gjemselund Stadion.
Resultat :
3-2(1-0).
Gule kort :
Ingen.

Slik starta vi : 1-4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Daniela D. Gudnadottir, Mette O. Muri(K), Kristine Gulbrandsen, Stine O. Muri
Oda Tennfjord og Nora M. Ferstad
Kari Skovly, Martine A. Olsen, Ingrid Vatne
Anna Brenne

Innbytte :
-46min. Jenny Fylling inn og Daniela D. Gudnadottir ut.

Mål :
-1-0 19min. Vi gjere ein personleg feil og spelar ballen rett i beina på KIL sin spiss, som kan skåre åleine med keeper Marthe.
-1-1 51min. Anna vinne ballen høgt oppe i bana, ho utfordrar forsvaret før ho sleppe ballen vidare til Kari som skjere inn og set ballen sikkert i måle i nærmaste hjørne.
-2-1 53min. Vi blir tekne i ubalanse og kontra på, der KIL-spissen blir spelt igjennom og skårar sikkert.
-3-1 64min. På ein KIL-corner landar ballen ute på ca. 16 meter, der dei får skyte i mål.
-3-2 77min. Nora slår ein god corner, der Anna til får satt ballen i mål frå kort hald i boksen.

Kampen :
Etter kamp på fredagen er det nok ikkje same energien og løpskrafta i oss i dag.
Spesielt før pause er vi ikkje heilt der vi bør vere, i ein jamnspelt og sjansefattig omgang.
I andreomgangen går vi rett i strupen på Kongsvinger og trykke dei tilbake på bana.
Då får vi også ei fortjent utlikning. Dessverre så gjev vi i frå oss den gode følelsen kjapt, då KIL kun brukar eit par minuttar på å ta tilbake leiinga i kampen.
Vi styrar resten av omgangen, men heimelaget er farlege på kontringar og får kontra inn 3-1 leiing.
Dei siste 25 minuttane har vi fleire store sjansar til å både redusere og utlikne, men det blir med Anna si 3-2 redusere vel 12 minuttar før slutt.
Kongsvinger er eit bra lag, så sjølv om vi føler vi kunne vunne denne kampen, så var det nok ein kamp med god matching.

Kaptein Mette om helga

Ei fin helg i Oslo, der vi fikk utfordret oss både på og utenfor bana.
Vi møtte to gode fotballag og har fått referanser og erfaring om hva som kreves for å skulle spille på et nivå høyere.
Vi har hatt mye fokus på forsvarsspillet og det å ligge samla, med tette avstander.
Dette synes jeg vi får til i perioder og det er mye positivt å jobbe videre med.
Alt i alt en vellykket helg !
Vi gleder oss nå til neste helg – da står et nytt 1.divisjonslag som motstander på den andre sida.

Trenarkommentar :
Dette var utan tvil ein nyttig helg for oss.
Vi får møte gode lag og vi får jobba i ro og fred både i forhold til videobilder og spelarsamtalar.
Samstundes er det viktig å vere saman for det sosiale sin del.
Grei er eit topp 15 lag i Norge, medan Kongsvinger er eit lag som har vore i 1.divisjon i mange år og som kjempar for å komme seg tilbake.
Her på våre trakter kjenner vi laga vi møter godt og vi veit alltid kva som møter oss, difor er det viktig læring og ei nyttig erfaring å møte andre typar lag enn kva vi møter «heime».
Helga gav oss mange svar og sjølvsagt nokre nye spørsmål, men aller viktigast gav det oss referansar på kor vi ligge i forhold til det nivået vi ynskjer å kunne kjemnpe om å komme oss opp på.
Vi tek med oss lærdommen frå denne helga, løftar blikket opp og fram og er klare for ein ny treningsveke.

Neste treningskamp er mot Kaupanger i Stryn kommande lørdag 23.03. kl.14.00.

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund