Etter årets tøffaste treningsveke og kun vel 2 dagar etter kampen mot Volda, so var det i dag klart for
ny kamp mot Rollon G16(inkl. 3 Blindheimsgutar).
FAKTA :

Slik starta vi : 4-2-3-1 :
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Ida Kroken, Helena Vattøy
Mette Muri, Mia Sæbø
Camilla Smith-Nilsen, Anna Fjørtoft, Ingrid Vatne
Vivian Saadi
Innbyttarar :
Lisa Raknes, Kari Skovly og Nora Ferstad(hospitant frå Blindheim),alle inn etter pause.

OBS ! Keeperane våre Lisa og Marthe spelte halve andreomgangen i dag som spiss, då vi hadde ein del

skadar og sjukdom. Begge var også særs nær å skåre mål ?
Mål : 
– 1-0 27min : Vivian Saadi (Anna).
– 1-1 28min.   – 1-2 65min.     – 1-3 69min.
KAMPEN :

Når ein møter guttelag er det alltid vanskeleg å finne den rette “matchen” i forhold til nivå og spelemåte.

Kampen i dag var på mange måtar perfekt slik sett. Eit Fortunalag med mange tunge bein, sleit litt dei første
20 minuttane av kampen, men løfta seg strålande inn i kampen etter kvart.
I dag fekk vi matcha oss på eit høgare tempo enn vi møter mot 2.divisjonslag, og spelarane må heile tida
jobbe og vere fokuserte for å ikkje bli straffa i det høge tempoet.
Dette løyste vi til tider meget bra, vi fekk testa og sjå at vi stadig tek steg defensivt, samstundes som vi ser at vi
har kvalitet og ferdighetar til å skape ting offensivt.

Neste veke blir det nokre dagar fri frå fellestreningar, før vi skal ha fullt fokus inn mot Lynturneringa, der vi tek turen om
2 veker. Dette er dei neste kampane vi skal spele, og vi gledar oss til å få matcha oss mot 1.divisjonslag.

Sportsleg hilsen:
Magne
Kategorier: Nyheter