Det vart fest på Aksla onsdag i NM kampen mellom FK Fortuna Ålesund og Vålerenga.
Heroiske Fortunadamer, Vålerenga sine nasjonale og internasjonale stjerner og ikkje minst over 800 fantastiske publikummara.
Ein fantastisk opplevelse for alle involverte.

Aller mest imponerte alle deltakarane på JUBEL-konkurransen vår !

For eit liv og ei stemning dei skapte 😊
Vi kan trygt seie at juryen fekk ei tøff oppgåve med å kåre vinnarane.

Her er dei heldige vinnarane :

1.plassen : Aksla J2008(J11 år). 5000,-

2.plassen : Ellingsøy J13 år. 3000,-

3.plassen : Guard J12/13 år. 2000,-

I tillegg til dette vil vi gje Valder jentefotball ved dei to deltakande laga, Valder J 13 og Valder/Vigra J12 ein ekstra
premie på 2000,-. Dette som ein «bonus» for fantastisk god profilering i sosiale media rundt kampen både før og etter.

Dette seier Fortunatrenar Magne i sitt referat frå kampen :


Til tider var var lydnivået so høgt blant publikum og spesielt jentene som deltok i «jubelkonkurransen», at det var vanskeleg å nå fram med kommunikasjon mellom spelarar og trenarbenkane.

Vi fekk denne hyggelege meldinga frå Toppfotball Kvinner :


Hei!
Vi i Toppfotball Kvinner har lyst til å rose dere for engasjementet og innsatsen på cupkampen mot Vålerenga. Det er helt fantastisk at dere klarte å lage en sånn folkefest og få så mange til å komme på kampen!
Helt genialt med Jentefest og jubel-konkurranse, det viser hvor enkelt og effektivt det kan gjøres.
Kommer til å bruke dere som eksempel til de andre klubbene våre for å vise og inspirere til at det ikke koster masse penger å få til gode konsepter som trekker publikum.
Så tusen takk! Lykke til med resten av sesongen 🙂
Hilsen Helene, Michelle og Hege i Toppfotball Kvinner.

JUBEL-konkurransen var sponsa av Sparebanken Møre.

Vi minner om at det er ny heimekamp og byderby mot SK Herd alt i morgon lørdag 10.08.kl.14.00.

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund

Kategorier: Nyheter