I dag fekk alle ligge så lenge dei ville.

Sidan vi ikkje skulle ha morgonøkt. Einaste som fekk folk ut av senga, var lysten på eit bikiniskille. Vi trente ved å snu på fleske mot sola i intervalla. Nokre få gløymte tida (og solkrem), og har fått ein fin hummerfarge (Rune og Håkon). Kari derimot kjøre på med solfakotor 50+, med stor suksess.

Etter nokre soltima, plasking og eting, så blir det endeleg tid for teorimøte, der Magne er svært imponert over Mette Muri sin orienteringsevne.

På treninga i dag delte vi oss i to grupper (etter speletid fra gårsdagens kamp). Der slitne bein får kose seg med skyting, og resten spelar. Line (fysio) tek over med LITT styrke, og TyrkiasMester.

Vi fekk i oppdrag å finne fram til ein ball midt på bana, men med bind for auga. For andre gang i dag var Eva på ville veiar. Alle et seg stappa mett på middag, og forbreda seg til neste runde i TM. Med temaet tid og presisjon, så blir vi para saman med romkameraten vår. Eit bein fra kvar par blir teipa saman, og vi går ei løype med valfri tempo. Den første runda vi går, skal vi prøve å synkronisera så nøyaktig som vi kan. 3 sekunders forskjell blir den beste tida.

Alle er storfornøgde med dagen, unntatt Magne som er svært missfornøgd med nettet og Elverum-laget som hadde ein liten fest i natt.

Store, solfylte klemma fra Trioen aka Vivs, Odusen og Ellis

PS! (Rune Sunde såg smoking hot ut der han låg på solsenga, så Vivian måtte ta saka i egne hende for å kjøle han ned) se under…

View this post on Instagram

☀️💦

A post shared by AaFK Fortuna (@aafk_fortuna) on