Reisebrev #4
God kveld alle leserar. Vi er godt over halveis på turen, og alle har blitt sånn passe svidd. Der Stine Muri har tatt ein god ledelse. Vi har hatt heile 23 grader, og Rune har tatt fram sololjen. Han er berre „på liksom raud“, som han kallar det.

Vi starta dagen med restitusjonsøkt med Line. Ein deilig liten joggetur nede ved stranda, med innlagt pause. I parken vart det tøy og bøy m.m. Vi prøvde oss også på tømmerstokk- konkuransen, men måtte bryte, pga. fjusk og krangling. Då vi kom opp att på hotellet var det tid for steiking. Alle utnytta strålane godt i heile 5 tima, sidan dei melder regn i morgon.

Dagens andre økt stod for tur, med photoshoot høg intensitet. Der vi jobba med etablert spel og lærte frekke finter av Hoseth. Økta blei avslutta med poengliga, og tempraturen steig betraktlig. Vinnerlaget var desverre: Mette, Sanna, Vilde, Kari, Martine og Amalie. Benedicte gruste Marthe i keeperduellen, og ho har furta i nokre timar no.

Etter trening blei det middagen, der kylling og pommes frites er ein stor favoritt for mange. Her var det også mange som sleika i seg ein is (sjå bilete).
I dag har vi også hatt underholdning, som vanlig. Konkuransen gjekk ut på å synge med ørelura, så du ikkje kunne høyre deg sjølv. Dette førte til stor latter, og både Hoseth og Magne imponerte oss. Så må vi vel nemne at Stine Reite klatra sakte men sikkert oppover på Tyrkiamesterskapet sin tabell.
No skal Oda legge seg, så vi må avslutte.

God natt <3 frå Sanna, Daniela og Oda.