FK Fortuna Ålesund – Sunndal

2.serierunde

Etter 3 poeng i Volda forrige helg, var det i dag klart for årets første heimekamp.

Heilt heimebane var det likevel ikkje, då Aksla endå ikkje er speleklar. Uansett på ei strålande kunstgrasbane framfor ca. 100 tilskodarar i Langevåg, so hadde vi ikkje noko å klage på ?

Slik starta vi : 4-2-3-1.

Marthe Bjørhovde

Stine Muri, Cecilie Otterlei, Oda Tennfjord, Ingrid Alnes.

Mette Muri(K), Stine Reite

Camilla Smith-Nilsen, Vivian Saadi, Kari Skovly

Birgitte Bjørlykhaug

Innbyttarar :

– 24 min. Oda ut og Helena Vattøy inn.

– 58 min. Stine R ut og Anna Fjørtoft inn.

– 65min. Camilla ut og Ingrid Vatne inn.

– 70 min. Birgitte ut og Ida Kroken inn.


Slik kom måla:

0-1 1min. Vi startar med avspark og knappe 25 sekund seinare ligg ballen i vår mål etter ei kontring og eit innlegg som går rett i mål.

1-1 23min. Eit godt etablert angrep der vi kjem fri på høgre sida via søstrene Muri, før Camilla dreg seg inn i bana, sender av eit skudd eller var det innlegg ? ? Uansett får berre tidlegare Fortunakeeper Ine Otnes slått ballen i tverrleggaren og på plass på returen er Birgitte og utliknar.

2-1 30min. Vi pressar høgt og får ei gjenvinning ved Mette , som spelar Camilla som kjem inn frå kanten. På utsida kjem Stine M susande og slår eit strålande innlegg som ein pressa Sunndalspelar klarerar via ein medspelar og i mål. Sjølvmål. 

3-1 55min. Vi får eit kast ca. 10 meter inne på Sunndal sin halvdel. Stine M kastar Camilla neste rett igjennom. Ho set på turboen og fossar til dørlinja og spelar flatt inn framfor mål der Kari har rykka seg fri og berre kan breiside ballen i mål frå 5 meter.

Kampen :

Igjen kjem vi under 0-1, ikkje bra, igjen snur vi kampen, veldig bra !

Det er sjølvsagt ikkje kjekt å komme under, det førar ofte til litt ekstra stress og jaging. Det er jo aldri i denne kampen heller noko tvil om kven som førar spelet heile kampen og som ynskjer å

presse høgt og spele god fotball. Førsteomgangen i dag synst eg vi gjere veldig mykje bra. Vi opptrer lojalt i forhold til slik vi har jobba med og slik vi har bestemt oss for å angripe. Vi lykkast ikkje med alt, men vi spring særs mykje og prøvar på dei rette tinga. Etter “skrekkstarten” so snur vi kampen og det er sjeldan Sunndal nærmar seg vårt mål. Vi har nokre gode sjansar til å putte eit mål eller to til, men er ikkje presise nok i sluttfasa. Sunndal får sin einaste farlighet like før pause, då dei kjem seg nesten fri på ei kontring, men vi får redda oss inn i siste liten.

I andreomgangen får vi 3-1 etter ca. 10 spelte minutt,og resten av omgangen har vi 3-4 store sjansar til å auke. Vi skapar mange nesten-sjansar i dag(10-12 stykk) i tillegg til 8-9 store. Sunndal har ein stooor målsjanse etter pause rundt det 80. minutt, men Marthe gjere ei klasseredning åleine med Sunndal-spissen.

Eg er nok ikkje heilt nøgd med andreomgangen i dag, då er vi ikkje kollektive nok og tek for skjeldan dei gode vala i forhold til slik vi ynskjer og skal gjere det offensivt. Likevel er eg strålande fornøgd med 6 poeng og ein perfekt start på sesongen !

Vi har kome godt i gang, jentene jobbar hardt kvar dag og neste veke er det klart for årets første verkelege test, då vi kansje møter det beste laget i divisjonen til kamp, Trondheims Ørn 2 på bortebane. Vi skal få på plass årets beste treningsveke og vere klare til å levere årsbeste neste søndag !

Banas beste spelar i dag etter mitt syn, kaptein Mette Muri.

 

* Malin Sunde har reist til J17 EM saman med landslaget og var uaktuell til kampen i dag, og blir det same neste veke.

* Birgitte skåra i dag sitt første seriemål for klubben.

* Neste søndag tek vi turen til Trondheim, der Trondheims Ørn 2 er motstandar.

Sportsleg helsing
Magne Elde