Seier i årets første kamp!

EMAIL
Facebook
Facebook
INSTAGRAM

FK Fortuna Ålesund – Molde
Treningskamp 02.02. – Sparebanken Møre Arena.

Det knyttar seg alltid litt spenning til årets første kamp.
Korleis er status etter fleire månadar utan kamp og nokre veker
inn i ei ny oppkøyring ?
Begge laga fekk nok gode svar på både plussar og minusar i boka.

Resultat : 5-4(4-1).
Gule kort : Ingen.
Dommar : Kristoffer Nevstad, Aksla IL.
Tribune : Ca. 80 tilskodarar.

Slik starta vi : 1-4-2-2-1.
Marthe Bjørhovde
Stine O. Muri, Cecilie Otterlei, Vilde Kroken, Kristine Gulbrandsen
Mette O. Muri(K) og Nora M. Ferstad
Kari Skovly, Martine A. Olsen, Ingrid Vatne
Anna Brenne

Innbytte :
-46min. Marthe ut og Josefine Ervik inn.
-62 min. Kari ut og Daniela D. Gudnadottir inn.
-62min. Martine ut og Amalie Sandvik inn.
-76min. Mette ut og Martine inn igjen.

To hospitantar var i aksjon for Fortuna i dag.
Martine A. Olsen(Blindheim IL) og Amalie Sandvik(SK Herd).
Anna Brenne spelte sin første Fortunakamp etter overgangen frå FK Sykkylven.
Mål :
-1-0 2min. Cecilie Otterlei(straffe)(Kari Skovly).
-1-1 30min. Emma Godø.
-2-1 37min. Nora M. Ferstad.
-3-1 38min. Ingrid Vatne.
-4-1 42min. Kari Skovly(Ingrid Vatne).
-4-2 52min. Malin Holte.
-5-2 69min. Ingrid Vatne.
-5-3 83min. Julie Vik.
-5-4 89min. June Grønseth.

Kampen :
Det skal kun gå 50 sekundar før Kari blir spelt igjennom, lagt i bakken
og dommaren dømmer ei korrekt straffe. Cecilie sender oss sikkert i ei tidleg 1-0 leiing.
Dei første 10 minuttane er vi best og har god defensiv kontroll, samstundes som der er ein
del flotte relasjonar framover i bana. Perioden mellom 10 til 30 minuttar, så er det Molde
som har mest ball, men utan å klare å skape noko meir enn eit par nestensjansar.
Vi blir litt for upresise og utolmodige med ball. I det 30. speleminutt straffar Molde oss
nådelaust etter ein personleg feil og det står 1-1.

Kansje var det ein liten «vekkar» som skulle til ? For dei siste 15 minuttane av omgangen
er vi klart best og skårar tre flotte mål. Først skrur Nora eit frispark vakkert i mål frå 18 meter.
Kun vel eit minutt seinare vinne Ingrid ballen på ca. 30 meter frå mål, før ho vakkert skyt ballen
i ein perfekt bue over keeper og i mål i lengste hjørne.
Tre minuttar før pause er 4-1 eit faktum, etter at Kari til slutt får satt eit innlegg frå Ingrid i mål.
4-1 til pause er kansje litt i overkant etter spelet, men vi har skapt flest sjansar og vore mest effektive.

Molde får første skåringa etter pause, i kampens 52. minutt, då vi spelar oss inn i trøbbel og får
eit brudd i mot oss som Molde kontrar på og set i mål.
Dei neste 20 minuttane er vi best, og får nokre store målsjansar før vi i kampens 69.minutt
aukar til 5-2 ved Ingrid etter ein andreball på ein corner.
No skal vi vel eigentleg kontrollere kampen inn, men litt slurv dei siste minuttane gjere at Molde
klarar å redusere to gangar før dommaren kan blåse av kampen med 5-4 siger til oss.

Kaptein Mette om kampen :
Endelig i gang med årets første treningskamp og det ble som i fjor scoret en haug med mål.
Det ble som ventet en litt rotete kamp som bar preg av at vi er tidlig i sesongoppkjøringen.
Likevel skaper vi endel god målsjanser og klarer å spille ut Molde i perioder.
Jeg er egentlig også litt positivt overraska over at vi presterer så bra med mange nye
relasjoner og posisjoner 😊
Alt i alt en godkjent kamp og som gir en del svar på hva vi må jobbe videre med !

Trenarkommentar :
Året første kamp er ferdigspelt og som forventa tek vi med oss fleire plussar og
ein del minusar i det vidare treningsarbeidet. Totalt sett er det ikkje tvil om at vi var
eit hakk betre enn Molde i dag, samstundes hadde laga kvar sine gode periodar i kampen.
At vi skårar 5 mål i dag og produserar fleire store målsjansar og ein 6-7 angrep offensivt
av høg klasse er so absolutt på plussida.

Det å sleppe inn 4 mål er alt for mykje, det likar vi lite, men vi ser jo at det ikkje er først og
fremst defensiven vår si skyld, men meir valga våre med ball som gjer at vi spelar oss i
vanskeleghetar.
Då vi leiar kampen 5-2 etter vel 80 spelte minutt, så skal det sjølvsagt vere unødvendig og
la Molde skåre to mål i sluttminutta, men dette er læring for vårt unge lag.

Eg trudde og forventa faktisk at Molde skulle vere betre enn oss i dag, mykje pga.
at vi hadde 6 endringar i laget frå kvalikk-kampen i høst og på bakgrunn av at vi har hatt
litt trøbbel i januar med skadar o.l.
Då er det ekstra gledeleg at jentene gjev svar på tiltale, viser spelelyst og glede og
viser at nei, vi er betre enn Molde også i februar.

Dette gjev oss vidare glød og entusiasme til å fortsette å jobbe hardt
vidare i sesongoppkøyringa.

Sportsleg helsing
Magne

Hjelp oss å spre budskapen! Lik oss! Del oss!