FK Fortuna Ålesund – Trondheims Ørn

Dana Cup
Semifinale
28.07.
2 x 25 min + 2 x 5 min ekstraomgangar og straffespark-konkuranse.

Slik starta vi i 4-2-3-1 :
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Oda Tennfjord og Ida Kroken.
Mette Muri(K) og Stine Reite.
Kari Skovly, Vivian Saadi og Katarina Sunde.
Malin Sunde.

Innbytte :
– 30min : Kari ut og Katarina Sunde inn.
– 37 min : Katarina ut og Anna Fjørtoft inn.
– 40 min : Vivian ut og Birgitte inn.

Mål :
Ingen i kampen !
Straffekonk :
– 1-0 TØ. – 1-1 Malin Sunde.
– 2-1 TØ. – 2-2 Cecilie Otterlei.
– 3-2 TØ. – 3-3 Ida Kroken.
– 3-4 Bom TØ. – 3-4 Anna Fjørtoft.
– 4-4 TØ. – 4-5 Oda Tennfjord.

 

Kampen :
Vi leverar turneringas klart beste kamp og førar kampen i samtlege 60 minutt inkl. tillegg !
Vi har 4 meget store målsjansar i kampen, medan TØ har 1 stor etter ein corner.
Tidvis spelar vi veldig god fotball, har enormt trøkk og intensitet i spelet vårt og vinne det meste av
duellar. TØ er eigentleg kun farlege då vi spelar på oss nokre unødvendige brudd i farlege posisjonar.
Det var ikkje mål verken i ordinær eller ekstratida, so då var det klart for straffespark.
Alle våre skaut imponerande gode straffer, noko TØ-spelarane også gjorde, utanom keeperen
som feia si over mål. Oda fekk då “æra” av å avgjere, og via fingertuppane til keeperen so gjekk
ballen i mål til enorme jubelscener frå Fortunaleiren !
Detter er læring og erfaring vi kan ta med oss vidare inn i ein spennande høstsesong.
MEN først skal vi spele FINALE i kveld kl.20.30 mot Danmarks beste lag, Fortuna Hjørring.
Dei har heile 7(!) aldersbestemte landslagsspelarar, men vi skal gje dei kamp !

Kampen blir streama på denne linken :

http://www.danacup.com/index.php/dk/mediaer/live-streaming

Vi gledar oss ?

Ein ekstremt fornøgd coach Magne ?