FK Fortuna Ålesund – Surnadal/T/S
18. serierunde Aksla stadion 06.10.18.

Det vart klart for siste serierunde, alt kunne skje, håpet om seriegull
levde, med andre ord så var det klart for seriefinale og drama.

Resultat : 11-1(5-1).
Gule kort : Eit til S/T/S.
Dommar : Tove Marie Tanstad, Aksla IL.
Tribune : Ca. 100 tilskodarar.

Slik starta vi : 3-4-1-2.
Josefine Ervik
Cecilie Otterlei, Helena L. Vattøy, Kristine Gulbrandsen
Daniela D. Gudnadottir, Mette O. Muri(K) og Ida Kroken, Ingrid Vatne
Nora M. Ferstad
Vivian Saadi, Solveig Engås

Innbytte :
-73 min. Ingrid ut og Kari Skovly inn.
-80min. Daniela ut og Henrikke Nørve inn.
-85min. Helena, Kristine og Ida ut.
Ellijanne Anderson, Vilde Kroken og Stine O. Muri inn.

Viste du at ?

-Cecilie Otterlei spelte i dag sin 90. offisielle kamp i Fortunadrakta.
Ingen spelarar har nokon gang spelt så mange kampar i så ung alder
for klubben ! Ho fyller ikkje 19 år før i november.

Mål :
-1-0 5min. Nora slår corner og der stige kaptein Mette til værs og frå 4-5 meter heddar ballen i mål.
-1-1 14min. Etter ein innkast blir vi dratt ut av posisjonane våre, og eit innlegg ut 45 grader blir satt i mål.
-2-1 16min. Igjen er servitør Nora klar frå cornerhjørnet. Ho slår ein perfekt corner som Solveig møter på første stolpe og heddar i mål.
-3-1 20min. Daniela kjem seg fri nede på kanten og slår eit strålande innlegg som Ingrid kjem på midt framfor mål og på 5 meteren og breisidar i mål.
-4-1 35min. Igjen slår Nora corner, det blir litt fram og tilbake i feltet før Helena set returen frå keeper i mål.
-5-1 43min. Mette spelar igjennom Nora, som litt skrått avsluttar via keeper og i mål.
-6-1 47min. Daniela slår eit innlegg i boks, som Solveig dempar før og skårar sikkert frå 7-8 meter.
-7-1 52min. Mette spelar ut til Daniela på kanten. Innlegget blir eit skudd og dalar ned i mål i lengste hjørne.
-8-1 59min. Daniela kjem igjen fri på kanten og hennar innlegg langs graset går gjennom heile feltet til Ingrid som frå bakre stolpe kan setje ballen sikkert i mål.
-9-1 65min. Vivian og Daniela kombinerar ute på kanten. Innlegget frå Daniela kan Solveig berre stange i mål frå 5-6 meter midt framfor målet.
-10-1 67min. For endte gang kjem vi fri på høgrekanten, innlegget frå Daniela gjev keeper retur på og då er Solveig igjen på rett plass til rett tid og skårar sitt 4.mål !
-11-1 80 min. Daniela serverar og på første stolpe kjem Vivian i hudre og får endeleg si skåring.

Kampen :
Eg skal vere kort om kampen – den var rett og slett strålande gjennomført !
Vi dominerar totalt frå første til siste sekund, bortelaget får ein mulighet som dei
utnyttar, men vi slår tilbake direkte.
Strålande i omstillingsfasen, meget gode i etablert angrep, og enormt sterke på dødballar
er noko som beskrive oss i dag.
Offensivt er vi tolmodige, presise med ball og vi er rå på siste 1/3.
Etter at 9-1 skåringa kjem etter 65 spelte minutt, så er vi ganske trygge på at dette skal gå
vår veg, vi har dei måla vi treng men rullar på eit par ekstra.
Vi har full kontroll på det som skjer i K/H mot Molde, og dei siste minuttane av kampen
er berre å nyte og glede seg til å feire ved kampslutt.

Kaptein Mette om kampen :
Herregud så ufattelig deilig!!
Vi har hatt en positiv energi i gruppa heile uka og tro på at vi kunne ro dette i land sjøl !
Vi tar tak i kampen med en gang og styrer den gjennom 90 minutt, med mange god angrep og kombinasjoner.
Så utrolig stolt av laget og glad for at det e akkurat dinna gjengen e er endel av💙💙
No skal vi nyte seriemesterskapet, før vi retta fokuset mot to tøffe kvalikkamper.

Trenarkommentar :
Det er ikkje lett å vete kvar ein skal starte og kva fornuftige ord ein skal skrive på ein slik dag.
Eg vel likevel å starte med ordet KLASSE, eg trur det beskrive dagens prestasjon på ein god måte.
Prestasjonen spelarane leverar i dag er enormt sterk i ein pressa situasjon.
Etter den store nedturen og svake kampen borte mot KIL/Hemne tidlegare i høst, så har vi jobba fantastisk bra og
vi har hatt ei meget god utvikling i prestasjonane våre. Likevel har vi hatt litt stang ut og
ikkje fått godt nok betalt. Sjølv om vi viste det ville bli tøft, så har det bygd seg opp ei veldig
sterk tru og optimisme i gruppa på at vi skulle klare det i dag – vi skulle klare å avgjere dette sjølve.

Vi endra formasjon og la ein offensiv kampplan tidleg i veke, og utan å tvile så responderte
spelargruppa positivt på den planen som vart lagt – Klart vi må satse, var deira klare tilbakemelding !
Utruleg mange står fram i dag, alle leverar ein god kamp, og nokre enkeltspelarar leverar sin beste
Fortunakamp nokon gang. Eg kunne drege fram enkeltnavn, men eg vel å hylle LAGET.
Dette hadde vi ikkje klart utan ei fantastisk spelargruppe, eit fantastisk støtteapparat og eit styre
som har lagt forholda til rette for oss. Saman er vi sterke !
Tenk dykk at på dagen akkurat 1 år etter at vi vann serien i fjor, så vinne vi SERIEGULL igjen.
To seriegull på rad og for ikkje å gløyme eit NM-gull inn i dette på kun 1 år !
Enkelt og greit store prestasjonar som få andre gjere etter oss.
No leve draumen vidare, den store draumen om å spele Fortuna Ålesund opp igjen i
1.divisjon, tilbake i toppfotballen.

Andre resultat i denne runda :
Herd – Sunndal, 5-1.
Orkanger – Byåsen 2, 1-6.
KIL/Hemne – Molde, 3-3.
Trondheims Ørn 2 – Nardo, 4-0.

Sluttabellen 2018 :
1.Fortuna Ålesund, 47 plussmål, 42 poeng.
2.KIL/Hemne, 42 pluss mål, 40 poeng.
3.Molde, 39 plussmål, 39 poeng.
4.Trondheims Ørn 2, 27 plussmål, 37 poeng.
5.Herd, 30 plussmål, 31 poeng.
6.Orkanger, 29 minusmål, 15 poeng.
7.Sunndal, 26 minusmål, 13 poeng.
8.Surnadal, 39 minusmål, 13 poeng.
——————————————————–
9.Nardo, 39 minusmål, 12 poeng.
10.Byåsen 2, 52 minusmål, 12 poeng.

-Fortuna spelar kvalifisering til 1.divisjon.
Her møter vi Innstranden og Snøgg.
Oppsettet kjem truleg mandag.

-Nardo og Byåsen 2 rykker ned.

Klarar Fortuna å rykke opp, då vil Nardo behalde plassen.

Magne