FK Fortuna Ålesund

Seriemester 2017!

Nidelv – FK Fortuna Ålesund

18.serierunde 2.divisjon.

Då var endeleg dagen komen, seriemeisteren i 2.div. avd. 6 skulle kårast.
Vi måtte vinne og jentene leverte varene til gangs !

Tribune : Ca. 30 tilskodarar.
Dommar:  Magnus S. Wæhre(Ranheim IL).
Gule kort : Ingen !


Slik starta vi :
 4-2-3-1.
Lisa Raknes
Stine Muri, Helena Vattøy, Oda Tennfjord, Ingrid Alnes
Mette Muri(K), Ida Kroken
Camilla Smith-Nilsen, Vivian Saadi, Kari Skovly
Malin Sunde

Innbytte :

–  46min. Lisa, Stine, Ida, Vivian, Kari og Malin ut.

Marthe Bjørhovde, Kristine Gulbrandsen, Anna Fjørtoft, Eva Hormazabal, Nora Ferstad og Ingrid Vatne inn.

Slik kom måla :
– 0-1 6min. Vi spelar eit etablert angrep der Kari har kome inn frå kanten, og får eit lavt innlegg frå Camilla som ho skyt
strålande i mål i lengste hjørne frå ca. 10 meter.
– 0-2 13min. Vi gjenvinne ballen høgt oppe i bana, spelar ut til Stine som har kome høgt opp i bana, ho slår eit fantastisk innlegg
som Vivian stig til værs på og heddar kontant i vinklene frå 5-6 meter.
– 0-3 44min. Nidelv klarerar ein corner ut til Ida på 20 meter, ho spelar ut igjen til Vivian på kanten. Ho svingar eit nydeleg innlegg
som Mette berre kan setje panna på og styre i mål frå bakre stolpe.
– 0-4 68min. Nora slår ein corner som blir klarert ut igjen til ho. Nora svingar den inn igjen, der Ingrid V kjem seg fri og heddar flott i mål
frå 5-6 meter.
– 0-5 70min. Nora slår ein strålande innoverskrudd corner, der Helena stige til værs ho heddar i mål frå 3-4 meter.
– 0-6 86min. Vi spelar etablert angrep, frå tredd Nora opp i mellomrommet so slepp den vidare til Camilla som kjem seg fri på 16 meter, litt skrått hold og dunkar balle vakkert i mål i lengste hjørne.
– 0-7 88min. Vi har beleira Nidelv sin banehalvdel, Eva spelar til slutt til Ingrid V som driblar seg forbi 2-3 spelarar og frå litt skrått hald
og 5-6 meter så skyt ho i mål i nærmaste hjørne.
– 0-8 90min. Camilla spelar ut til Kristine som har kome opp frå backen. “Innlegget” til Kristine får ein perfekt bue og dalar i mål i
lengste hjørne bak ein sjanselaus keeper.

Kampen :
Vi går rett i strupen på Nidelv og dominerar kampen totalt i samtlege speleminutt.
Vi skapar store sjansar nesten frå første speleminutt, og då Kari sender oss i 1-0 leiing etter 6 minutt, so har vi alt hatt eit
par store målsjansar. Vi fortsette å skape og med 2-0 etter 13 spelte minutt, ja, då er denne kampen definitivt avgjort.
Resten av førsteomgangen brukar vi på å brenne enorme målsjansar. Først like før pause får vi vår etterlengta 3-0 skåring.
Effektiviteten vår før pause er ikkje bra nok, for her burde vi definitivt ha leia med fleire mål.
Vi gjere 5 bytter i pausa, då vi føler at vi har total kontroll på denne kampen og ynskjer å få alle spelarane i gang.
I tillegg har vi ein NM semifinale mandag i bakhaudet.
Med så mange bytter samstundes, så går det ofte litt ut over samhandlinga og det tek gjerne litt tid før laget og relasjonane set seg.
Det gjorde det då også i første delen av omgangen, ja, vi fortsatte å dominere totalt, men det tok ei tid før dei store sjansane og måla skulle komme.
På de siste 22 minuttane av kampen “rulla” vi inn heile 5 flotte skåringar, og vinne då ein særs komfortabel og suveren siger.
  • Cecilie Otterlei som har vore litt ute i høst med ein skada ankel, valde vi å spare i denne kampen,
    slik at ho er 100 % klar til semifinalen mandag.
  • Katarina Sunde har hatt ei liten kjenning i hamstringen denne veka, og då tok vi ingen sjansar slik at ho skal vere 100 % klar til kvalifiseringskampane.
  • Helena Vattøy og Kristine Gulbrandsen skåra sine førsteseriemål for klubben !
  • Det er klart at vi skal møte Innstranden(utanfor Bodø) og Nanset(Larvik) i kvalifiseringa.
    Oppsettet for kvalifiseringa kjem i morgon føremiddag.
Kaptein Mette sin kommentar :

For en deilig følelse! Etter å ha lagt 7 poeng bak Molde, har vi gjort det fåtallet ville trodd. VI HAR TATT SERIEGULL!!!!
Dette har vi fått til med en sinnsyk lagmoral og god mentalitet!
No rettes fokuset mot to tøffe kvalikk kamper, som vi skal gi alt for å vinne! Vi gleda oss!! ?
 
Magne sin kommentar :
Lørdag den 19.august kastar vi vekk 2 poeng på bortebane mot Sunndal. Fakta er krystallklar, vi er heile 7 poeng bak Molde.
Eg og mange med meg var nok ganske sikre på at opprykkssjansen no var minimal, dette kunne ikkje Molde rote vekk, tenkte vi…..
Jobben vi har gjort som gruppe etter dette “slaget” har vore formidabel. Vi viste at Molde hadde nokre tøffe bortekampar, og vi viste at uansett skulle der vere ein lite sjanse, ja, då måtte vi vinne samtlege kampar resten av sesongen.
Då er prestasjonen vår enorme vil eg påstå, vi har vunne 7 strake sigrar, 7 “cupfinalar” der det har vore vinn eller forsvinn til opprykksdraumen.
Det har vore ekstremt krevjande mentalt å heile tida ligge bak Molde på tabellen i år. Det Molda har hatt ro og trygghet, har vi måtte jake og spelt med eit enormt press om å måtte vinne kvar kamp.
Samstundes har vi no vist ein enorm mental styrke som gruppe, noko som gjere at vi kan ta med oss denne lærdomen og ta endå større steg som lag og gruppe. Samhold er ein av våre kjerneverdiar, der det handlar om å stå saman både i med og motgang. Har ein stått saman i motgangen, ja, så blir medgangen så ekstremt mykje større å dele saman !
På førehand hadde Rune og underteikna bestemt oss for å bytte alle tilgjengelege spelarar til pause, om vi hadde kontroll på kampen.
Den kontrollen hadde vi med 3-0 leiing. Det betyr 6 bytter i pausa. Eg synst Anna Fjørtoft sin kommentar til meg når eg samlar jentene for å gje dei instruksar, fortel litt om samhaldet i gruppa : “Magne, er du sikker på at det er lurt å bytte 6 spelarar ?”.
Eit godt og reflektert spørsmål, der Anna då set laget framfor seg sjølv, der ho tenker at det er viktigare at LAGET vinne og rykke opp enn at ho og dei andre skal få speletid. Vi takla også 6 bytter som lag og har no kome oss i ein fantastisk posisjon.
Statistikken i serien er sterke 14 sigrar, 3 uavgjorte og kun 1 tap. Målskilnaden er solide 64-20.
Alt i morgon, mandag, står ein ny fantastisk mulighet for tur, då vi møter Lyn i NM semifinale J19 på heimebane.
Vi skal gje alt, gå i kjellaren og sjå om vi kan prestere så godt at vi kan nå ein NM finale. Etter NM-kampen, så skal jentene få ein
velfortjent ferie, før vi skal førebu oss godt til ein tøff og spennande kvalikk.
La oss saman skape fleire historiske opplevelsar ! ?
Magne

Fortuna ble seriemester etter å ha slått Nidelv 8-0 på bortebane.

Posted by AaFK Fortuna on Sunday, October 8, 2017