I morgon er ei 15 veker lang oppkøyring over, då vi tek turen til Volda for å endeleg spele om poeng i årets første seriekamp.
Vi har hatt ei tøff oppkøyring, vi har spelt mange kampar, vi har hatt dei særs svake kampane og vi har på vårt beste vore fantastisk gode.
Klubben, spelargruppa og trenateam er krystallklare på kva målsetninga er : Opprykk !
Samstundes er jo dette berre eit eventuelt resultat, det er vegen fram til resultatet som er spennande og utviklandes. Det er vegen fram som er avgjerande for om resultatet blir slik vi ynskjer til slutt. For meg handlar det om at Mentalitet + Kultur = Utvikling.

Eg er særs fornøgd med og har stor tru på dei 18 spelarane som i dag er FK Fortuna Ålesund.
Vi har ei spelargruppe med ulike kvalitetar og ein fantastisk gjeng flotte jenter som legg ned særs mykje tid og energi for å halde på med det dei likar best. Eg veit at på vårt beste er det ingen lag som slår oss, samstundes veit eg like godt at gjer vi ikkje jobben, legge vi ikkje 110% i potten kvar gang, då kan vi tape mot dei fleste.
Vi har eit klart mål om å løfte botn-nivået og prestere på eit jamt høgt nivå. Vi har ikkje råda til å gå på mange feilskjær, skal vi vinne serien.

Som fotballag ynskjer vi å framstå med ei stram defensiv struktur, der vi slepp inn lite mål. Alle lag som skal vinne ein serie uansett nivå må sleppe inn lite mål, spelargruppa har satt seg eit delmål om maks 15 baklengsmål i seriespelet i 2017. Samstundes ynskjer vi å skåra mange mål. Vi ynskjer å vere eit spelande lag, men vi ynskjer at det skal gå fort framover i lengderetning.

I morgon er det Volda som er vår første motstandar, eit lag som underteikna trente høsten 2015 utan å tape ein einaste kamp. Sjølv om vi slo dei klart i vinter, så veit vi at vi møter et skjerpa Voldalag, som vil ofre alt for å slå Fortuna. Vi har 2-3 spelarar som ikkje er disponible i morgon pga. skadar og sjukdom, men ein av styrkane våre i år er at samtlege spelarar i stallen er gode nok til å gjere viktige bidrag for oss etter behov.

Då er det berre å glede seg inn mot kampstart og vere klar når dommaren bles i gang kampen.

Då vil eg ynskje alle Fortunavennar lykke til med fotballsesongen 2017 og håpe at mange vil ta turen på kamp og støtte oss i år.

Vi er klare !

#samhold #vilje #kvalitet #engasjement

Sportsleg helsing:
Magne Elde
Hovudtrenar

Kategorier: Nyheter