Lørdag vann Fortuna heile 8-0 mot botnlaget Nidelv på heimebane.
Sjølv om det vart 3 poeng og mange mål, so var det også ein litt vemodig dag.
Stine Reite (19) spelte sin siste seriekamp for klubben i denne omgang, då ho reiser i militæret 1.august.
Ho skal fullføre sommaren for oss og spele Dana Cup i slutten av juli, so heldigvis får vi glede av ho litt lengre.
Stine står med 49 seriekampar for klubben, sidan underteikna henta ho inn på lån ca. midtvegs i vårsesongen
2014 pga. av ein skade på Ingrid Alnes.

Stine fekk sin debut i toppoppgjeret i 1.divisjon heime mot Sarpsborg 18.mai 2014. Ho spelte venstre back, og for å seie det slik, ho var tidvis rundspelt i starten av kampen. Dette var eit heilt anna tempo enn kva ho var vand med frå Blindheim J16. Likevel kan ein seie det er typisk for fotballspelaren og personen, Stine. Ho gav aldri opp og løfta seg inn i kampen på ein sterk måte og vi vann til slutt imponerande 4-2. Vi hadde eit fantastisk godt lag den vårsesongen med spelarar som no pregar norsk damefotball, med Cecilie Fiskerstrand, Kristine Leine, Sigrid Heien Hansen, Emilie Nautnes m.fl. i spissen.

Etter ein solid vårsesong vart lånet frå Blindheim gjort til ein overgang sommaren 2014.
Dessverre har Stine vore ein del skadeplaga, spesielt i nedrykksseongen 2016, då ho kun spelte 11 av 22 kampar.
Etter litt trøbbel tidleg i vinter har ho i år nesten vore 100 % igjen og har levert fleire gode kampar for oss.
Stine har vore visekaptein i årets sesong og lørdag gav Mette frå seg kapteinsbindet, slik at Stine fekk bære det
i siste kampen. Ho både skåra og fekk ein assist, so avsluttninga vart perfekt !

Dette seier nokre lagvenniner om Stine :

Kaptein Mette Muri :
Stine er en fantastisk medspiller både på og utenfor bana. Ho stille alltid opp og gir alltid sitt beste!
Humøret er alltid på topp og ho sprer masse glede. En spiller og god venn vi alle vil savne !

Keeper Marthe Bjørhovde :
Eg har dessverre berre fått eit halvt år i Fortuna med ho, men ho er like rå utafor bana som ho er på bana!
Skikkelig leiartype som alltid er like blid og som tok i mot meg på ein fantastisk måte då eg kom til klubben. Det blir vanskelig å erstatte dinna jenta?

Dette seier Stine sjølv om si Fortunatid :

Fortunatida mi har vært fantastisk! Har fått spille med så mange dyktige spillera og blitt kjent med så mange flotte folk, både på og utafor bana. Har hatt engasjerte trenera og supre lagvenninne, som har bidratt til 3 år med mye latter og glede, og ikke minst gode minne som e kommer til å ta med me videre.
Vemodig at e e ferdig i Fortuna for dinne gang, men ønska jentene lykke til videre på veien mot opprykk!!! E har troa!

 

 

Det er ikkje vanskeleg å støtte opp under det lagvenninene seier om Stine. Eg må berre innrømme at som fotballtrenar er det spelarar som Stine som er ein draum å trene. Lett å forhalde seg til, ærleg og tydeleg, tørr å meine noko og å stå for noko. Stine er seriøs, samstundes som ho skapar mykje glede og samhold. Vi mistar ein god fotballspelar, ein fantastisk flott person og leiartype i gruppa vår.

OBS ! Vi og Stine har ei avtale om at ho sjølvsagt vil vere med oss å trene når ho er heime. Skulle det bli mulighetar til spel ved nokre høver, so vil sjølvsagt også det vere aktuellt.

Vi takkar for innsatsen din Stine, ynskjer deg lykke til og seier på gjensyn ?

Sportsleg helsing
Magne Elde

Kategorier: Nyheter