Fortunadamene er godt i gang med jobben på treningsfeltet,
og er inne i si andre treningsveke.
Det har blitt jobba godt og hardt for å få på plass ei spennande og god
sesongoppkøyring, og det føler vi absolutt at vi har lykkast med no.
Vi skal blant anna møte tre 1.divisjonslag, spele dobbeltoppgjer mot erkerival Molde,
møte eit nytt bekjentskap i Fyllingsdalen og vi skal ikkje minst på treningsleir til Tyrkia
rundt påsketider.

I tillegg til dette skal vi også ha spel mot gutar på ein del fredagstreningar og
spele eit par kampar mot G16 lag.

Her er oversikta :

– Søndag 28.januar kl.13.40 i Sparebanken Møre Arena mot Molde.

– Lørdag 10.februar kl.14.00 på Kyrksæterøra mot KIL/Hemne.

– Lørdag 17.februar kl.14.00 på Aker Stadion mot Molde.

– Lørdag 3.mars kl.13.00 på Byåsen Arena mot Byåsen.

– Søndag 4.mars kl.12.00 på Ørn Arena mot Trondheims Ørn 2.

– Lørdag 10.mars kl.14.00 på Fosshaugane Campus mot Fyllingsdalen.

– Onsdag 21. mars til onsdag 28.mars : Treningsleir i Tyrkia – Side.
Vi satsar på 2 kampar under dette opphaldet.

– Lørdag 7.april kl.14.15 på Eid idrettspark mot Kaupanger.

*Seriestarten er heime mot Nardo lørdag 21.april !

Denne oppkøyringa og motstanden vil garantert gjere oss godt,
og vil gje oss mulighetar til å utvikle oss vidare og få ein peikepinne
på kor lista skal og må ligge.

Vi gledar oss til kampane startar 🙂

Kategorier: Nyheter