Snudde til seier igjen!

EMAIL
Facebook
Facebook
INSTAGRAM

 

Orkanger – FK Fortuna Ålesund
16.serierunde 2.divisjon.

Medan vi har vore totalt suverene på heimebane i år på Aksla, så er det på bortebane vi har «rota» vekk nokre poeng.
Nok ein gang var vi verkeleg i trøbbel på bortebane i dag, men heldigvis klarte vi å snu resultatet til vår fordel.

Tribune : Ca. 30 tilskodarar.
Dommar: Irene Aunaas(Ranheim IL).
Gule kort : Ingen !

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Lisa Raknes
Stine Muri, Helena Vattøy, Oda Tennfjord, Ingrid Alnes
Mette Muri(K), Malin Sunde
Camilla Smith-Nilsen, Vivian Saadi, Kari Skovly
Katarina Sunde

Innbytte :
– 46min. Malin ut og Nora Ferstad inn.
– 65min. Camilla ut og Ingrid Vatne inn.
– 70min. Vivian ut og Malin inn igjen.
– 88min. Kari og Malin ut og Kristine Gulbrandsen og Eva Hormazabal inn.

Slik kom måla :
– 1-0 61min. Orkanger kjem seg fri på si venstreside, kjem åleine med Lisa og set ballen i mål.
– 1-1 75min. Vi gjenvinne ballen høgt i bana, får spelt inn på Malin som spelar Katarina fri litt ut mot venstre hjørnet av 16 meter.
Katarina får kontroll på ballen og skyt med venstrefoten i mål helie nede ved nærmaste stolpe frå 14-15 meter.
– 1-2 83min. Vi spelar oss fri på vår venstre side, der Ingrid A til slutt kjem seg til dørlinja og slår ut 45 grader,
der Malin har kome seg fri og breisidar ballen i mål i nærmaste hjørne frå 6-7 meter.

Kampen :
Før pause i dag så «bur» vi omtrent heile omgangen på Orkanger sin banehalvdel.
Vi «eig» ballen, leverar mykje bra kombinasjonsspel, kjem oss ofte inn i gode posisjonar på siste 1/4 delen,
men vi sviktar i den siste fasa. Det handlar om timing, det handlar om val og det handlar om kvalitet i utførelse.
Orkanger ligge særs lavt og kompakt og forsvarar seg bra.
Offensivt kjem dei på nokre særs få kontringar, men vi har god defensiv kontroll.
Først i løpet av dei siste 10-15 minuttane før pause, klarar vi å skape ein 2-3 verkeleg store målsjansar,
men både Katta og Vivian blir nekta mål av heimelaget sin keeper.

Sjølv om det står 0-0 til pause, så er eg fornøgd med den jobben vi legge ned, men vi må løfte presisjonen og kvaliteten
når vi nærmar oss heimelaget sitt mål, for å skape endå fleire målsjansar og mål.

Andreomgangen er ikkje veldig ulike den først. Vi styrar, medan heimelaget vil forsvare seg og kontre.
Vi får nokre enorme mulighetar på cornerar i starten av omgangen, der ballen to gangar blir redda på streken.
Fotball er eit fantastisk fasinerande spel, på den måten at motstandaren kan vere mykje betre enn deg, men likevel kan
ein vinne sjølv om ein spelemessig er underlegen. På sin første målsjanse i kampen etter vel timen spel, ja, så er det heimelaget
som tek oss i ubalanse og set inn 1-0. Då er vi rysta, for like etterpå får Orkanger ein ny enorm sjanse og kan for leie 2-0.
Heldigvis for oss set dei sjansen utanfor mål. No er vi litt rysta, og stressnivået aukar.
No er gode råd «dyre». Ei sjuk Malin måtte av til pause, men vi treng større trykk framover og sender ho ut på bana igjen på topp saman med Katta dei siste 20 minuttane.
Vi trykke meir og meir på no, og heldigvis lykkast vi til slutt med både å utlikne og avgjere kampen det siste kvarteret i dag.
Til slutt kan vi juble for siger og føle ein enorm lettelse over at vi nok ein gang dreg ein viktig siger i land.
Siger er særs fortjent og viktig !

Alle foto: Ann Kristin Lyngset Otterlei

 

Neste søndag spelar vi på heimebane mot Molde. Vi er no 2 poeng bak Molde, men dei spelar borte mot
Trondheims Ørn 2 i morgon. Vi ventar i spenning på kva som skjer der og om vi kan vi få ein seriefinale på
heimebane neste veke ?

Magne

Hjelp oss å spre budskapen! Lik oss! Del oss!