FK Fortuna Ålesund – Træff
NM J19 1.runde – Aksla stadion 14.05.18

Endeleg kamp på Aksla igjen ! Baneforholda er byrja å bli
greie, sjølv om bana framleis treng litt tid før den er heilt perfekt.
I pausa kom skodda og etter ein mållaus første omgang,
så fann Fortuna vegen til mål til tross for skodda.

Resultat : 4-0(0-0).
Gule kort : Ingen.
Tribune : Ca. 60 tilskodarar.
Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine O. Muri, Cecilie Otterlei(K), Kristine Gulbrandsen, Vilde Kroken
Eva Hormazabal, Nora M. Ferstad
Line Magerholm, Martine A. Olsen, Kari Skovly
Vivian Saadi

Innbytte :
– 65min. Stine ute og Mathea Dahle inn.
– 65min. Line ut og Frida Hareide inn.

Mål :
-0-1 47min. Stine kastar i beina på Vivian i 16 meteren.
Ho vendar av forsvararen i ryggen og skyt i mål oppe i lengste hjørne frå 12-13 meter.
-0-2 73min. Nora svingar inn ein corner som landar i beina på Cecilie på bakre stolpe.
Ho dempar og dunkar ballen i mål ope i nett-taket.
-0-3 79min. Vivian kjem seg fri på ca. 20 meter og skyt eit godt skudd over keeper og i mål.
-0-4 89min. Vivian slår ein innoverskrudd corner som går rett i mål.

Kampen :
Som regjerande NM-meisterar i J19 klassa, så var det Moldeklubben Træff som var
motstandar i årets første graskamp på Aksla. Træff som er nesten identisk med damelaget som leiar
suverent 3.divisjon på Nordmøre trudde vi kom til å bli ein tøff kamp.
Træff gav oss periodevis god motstand, men heile vegen var vi stort sett det førande laget.
Før pausa skapar vi kun 2 store og klare målsjansar ved Kari og Vivian, medan det blir ein del nesten
på eit litt uvandt underlag. Træff klarar ikkje å skape dei store sjansane på oss, utanom eit par nestensjansar.

Det står 0-0 til pause.

Omtrent direkte etter avspark i andreomgangen kjem Træff seg til sin første store og einaste klare målsjanse,
men då viser Marthe kvalitet og tek fram ei klasseredning.
Kun minuttet seinare går vi i 1-0 leiing ved Vivian etter 47 spelte minutt.

Frå no og inn styrar vi kampen totalt, kombinasjonane set betre, vi skapar sjansar og skårar til slutt 4 mål.
Stor skryt til vårt defensive arbeid også, der vi framstår meget solide og med god balanse.
Kaptein Cecilie & co held god kontroll på J17 landslagsspelar Sara Fornes og resten av Træffjentene.

Vivian Saadi skåra i går i sin 7. NM J19-kamp på rad !
På desse 7 kampane har ho skåra 13 mål !
Ho skåra i kvart, semi og finale i fjor + i alle tre kvalikk-kampane i vinter + no i gårsdagens kamp.
Rett og slett ein fantastisk prestasjon – det er ein grunn til at vi kallar ho for «cupdronninga» ?

No ventar vi i spenning på kven vi får som motstandar i 2.runde som skal gå i slutten av juni.

Magne