For å stå best mogleg rusta i kampen om seriemeisterskap og opprykk,
så har vi jobba kontinuerleg med å styrke spelartroppen vår.
Vi har ein klar ambisjon å kunne kjempe heile vegen inn og klare å ta opprykket til 1.divisjon i år.

Etter at Oda reiste forrige veke(sjå eiga sak), så har vi hatt kun 14 disponible utespelarar.
Målet har våre å få på plass to spelarar til og dette er no i boks.
Difor er vi no veldig glade over å kunne presenter den første
nye forsterkinga til vår strålande spelargruppe.

Solveig Engås(17) kjem over frå SK Herd og er speleklar til helgas toppkamp mot Molde.

Solveig har store ambisjonar som spelar og ynskjer å bidra til at vi igjen får løfta damefotballen
på Sunnmøre opp i norsk toppfotball.
Ho er ei ekte Herdjente som gjennom hardt arbeid og god oppfølging av klubben, ved fleire høver
har representert Norge på J15, J16 og J17 nivå.
Alt i fleire år har ho vore sentral på Herd sitt damelag, og ho følte no at tidspunktet var rett for å søke nye utfordringar.

Solveig er ein spelar som har mange god kvalitetar og som kan bekle fleire roller på bana.
Ho er god med ball, har stor løpskraft, er god i duellspelet, har ein god skuddfot og er målfarleg.
Vi er overbevist om at Solveig kan bli ein viktig faktor for oss i høst og på eit høgare nivå i framtida.
I høst vil Solveig spele i draktnummer 4.

Velkommen, Solveig ! 😊

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund