Fredag set vi kursen mot Trondheim der vi skal fortsette førebuingane inn mot seriestarten.
På veg opp til Trondheim, i kveld(fredag), møter vi  KIL/Hemne til kamp kl.18.30. på Kyrksæterøra.
KIL/Hemne rykka opp til 1.divisjon i fjor, så dette blir ein fin test for oss.

Seint fredag kveld er vi på plass i Trondheim for å innlosjere oss på Scandic Lerkendal hotel for helga.

Laurdag skal Trondheims Ørn sin trenar Thomas Dahle køyre ei treningsøkt med oss,
der det skal vere eit offensivt fokus.
Trenarteamet skal sjå Trondheims Ørn mot Byåsen, der vi også skal delta på Trondheims Ørn sitt spelarmøte.
Vi skal også ha spelarmøte der vi skal gå gjennom videobilder frå kampen fredag.

I tillegg blir det nok både litt shopping og sosiale aktivitetar på programmet.

Søndag kl.12.00 møter vi eit Trondheims Ørn 2 + til kamp før vi set kursen heim igjen til Ålesund.

Vi reiser med ein tropp med 17 spelarar(inkludert 2 hospitantar).
Malin Sunde(landslag), Ida Kroken(sjuk) og Katharina Sunde(skada) er dei 3 Fortunajentene som står over i helga.

Vi gledar oss til ein ny utfordrande fotballhelg !

Kategorier: Nyheter