Kaupanger – FK Fortuna Ålesund
Treningskamp Eid idrettspark 07.04.18

Etter ei lang sesongoppkøyring, så nærmar seriestarten seg med stormskritt.
Under flotte speleforhold på Eid i dag, så var det 1.divisjonslaget Kaupanger
som stor på motsatt banehalvdel i generalprøva.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine O. Muri, Cecilie Otterlei, Helena L. Vattøy, Nora M. Ferstad
Mette Muri(K), Ida Kroken
Camilla Smith-Nilsen, Anna Fjørtoft, Kari Skovly
Katarina Sunde

Innbytte :
– 58min. Kari ut og Ingrid Vatne inn.
– 63min. Anna ut og Vivian Saadi inn.
– 72min. Stine ut og Oda S. Tennfjord inn.
– 81min. Nora, Helena og Ida ut.
Kristine Gulbrandsen, Vilde Kroken og Ellijanne Andersson inn.

* Eva(sjuk) og Lisa stod over pga. skadar.

Mål :
– 1-0 18min. Helena spelar gjennom Katarina som utfordrar midtstopparen, dreg seg litt mot venstre, spelar tunell
på stopparen og avsluttar strålande i lengste hjørne.

– 2-0 26min. Vi har kast høgt oppe i bana. Stine kastar i beina på Camilla som vendar av backen sin, går til dørlinja
og spelar ballen på tvers mot bakre stolpe der Katarina berre kan breiside ballen i mål.

-2-1 43min. På eit langt innkast frå oss, så gjev vi vekk ballen litt for lett og blir kontra på.
Det endar med at ein KIL-spelar er åleine med Marthe og avsluttar i hjørnet.

-2-2 63min. Ein ball som er klart over sidelinja blir spelt inn i bana, og frå 30 meter
får KIL-spelaren draumetreff og ballen susar i mål i lengste vinkel.

-3-2 69min. Camilla slår ein perfekt stikkar til Katarina som let ballen sprette på halvvolley
før ho set den kontrolert i mål heilt oppe i hjørnet.

-3-3 90(+1)min. Vi er passive og ustrukturerte på corner imot, og då får ein KIL-spelar hedde ballen
kontrolert i mål frå kort hald.

Kampen :
Etter nokre jamne opningsminutt, der begge laga «tek og føler» litt på kvarandre, så tek vi berre
meir og meir grep over kampen utover. Vi er samla og dyktige i presset vårt, både når vi går høgt
og når vi fell lavare i bana. Samstundes er vi gode i den offensive markeringa, slik at ofte
gjenvinn ballen etter å ha mista den.
Det er veldig fortjent, då vi tek leiinga etter knappe 20 spelte minutt.
Skåringa gjev oss ekstra energi og tru, og perioden etter 1-0 skåringa styrer vi kampen totalt.
Berre få minuttar seinare, så er Katarina igjen på rett plass til rett tid og vi leiar 2-0 .
Etter 30 spelte minutt blir Ida lagt i bakken i straffefeltet, og vi blir snytt for muligheten
til å omtrent punktere kampen med 3-0, då dommaren vel å spare på luft og ikkje blåse straffe.
Berre få minutt seinare leverar vi igjen strålande angrepsfotball, då Nora svingar inn eit perfekt
innlegg som Mette får heilt åleine upress på 6-7 meter, men dessverre sklir ballen av foten hennar.
Kaupanger skapar lite i førsteomgangen, utanom ein corner der dei får stå ganske fritt i feltet å avslutte,
men avsluttninga blir alt for laus og Marthe reddar enkelt etter ca. 35 spelte minutt.
Vi skapar også ein del nestensituasjonar, der vi med litt meir presisjon og nøyaktighet
fort kunne skapt det heilt store.
Like før pause utnyttar KIL vår offensivitet på eit langt innkast i boks til å kontre. Kontringa er godt utført
og åleine med Marthe skårar KIL sikkert. Vi går omtrent rett i angrep og Katarina avsluttar med eit skudd nede i hjørnet,
men KIL sin keeper reddar strålande.
Vi er rett og slett ein klasse betre enn Kaupanger før pause, difor bør vi leie meir enn 2-1.
I pausa er vi godt nøgde og er einige om at dette er årsbeste, men at med små justeringar og same intensiteten
i spelet så skal vi kunne fortsette å prestere i andreomgangen.
Kaupanger har nok fått ein liten «hårfønar» i pausa vil eg tru, for dei første minuttane prøvar dei å ta oss høgare
i bana og gjere det vanskelegare for oss. Vi går litt i «fella» ved nokre høver, ved å spele oss inn i presset deira
i staden for å spele igjennom og over presset deira.
Etter nokre få minuttar med litt stress, så får vi kontroll på kampen igjen og er det beste laget også i andreomgangen.
Litt meir slurvete med ballen og i forhold til vala vi tek, enn kva vi var i førsteomgangen, men likevel har vi god kontroll
defensivt og skapar flest sjansar offensivt også i denne omgangen.
Eit stjernetreff frå nesten 30 meter etter ein situasjon der ballen er klart ute, sørger for at det er KIL som
får utlikne til 2-2. Vi slår perfekt tilbake kun få minutt seinare, då Camilla slår ein nydeleg ball til Katarina
som viser klasse med sitt 3. mål for dagen. I perioden etter dette har vi nokre fine muligheter ved Mette(
corner) og Vivian til å avgjere kampen. Defensivt har vi god kontroll heilt til Kaupanger får sin
første og einaste corner på overtid. Den gjer dessverre slik at kampen endar med eit flatterande 3-3 resultat.

Etter kampen:

I fjor slo vi Kaupanger 6-1 i generalprøva etter å ha vore supereffektive.
I dag synst eg vi leverar ein betre kamp enn i fjor, men resultatet blir 3-3. Slik kan fotballen vere.
Førsteomgangen i dag er det verkeleg høg klasse på !
For å sitere ein klok mann på tribuna – «det var divisjonsskilnad fordel Fortuna før pause».
Vi føl kampplanen, er samla defensivt, varierar presshøgda vår og vi flyttar bein og vinn
duellar som gjere at det er ei fryd å sjå på. Dette gjere også at vi vinn ballen ofte og det som
er gledeleg er at vi ofte får kombinasjonane til å sitje og at relasjonane og rytmen offensivt er gode.
Litt meir uryddig i andreomgangen, men likevel ein meget solid gjennomført omgang
både offensivt og defensivt. I andreomgangen gjere vi totalt sett 6 bytter i dag.
EG påstår dette totalt sett er årsbeste av oss – vi er totalt sett klart betre enn eit lag
som skal spele 1.divisjon i år både spelemessig og i antal målsjansar.
Vi prata mykje om å vise oss fram i dag før kampen, og om å vise at vi er i rute.
Spelarane gav ein fantastisk respons og eg synst alle var bra og mange leverte
årets beste prestasjon i dag. Det er gledeleg og betryggande no før seriestarten.
Det er sjølvsagt ikkje bra nok, at vi ikkje klarar å avgjere ein slik kamp til vår fordel.
Her må vi ta skylddeling mellom spelarane og trenarar, kansje blir vi i overkant offensive i nokre situasjonar
og ikkje kyniske nok slik at vi får med oss ein siger i dag. Dette skal vi ta lærdom av alle saman.
Noko må vi ha å finjustere inn mot seriestarten ?

Årets første seriekamp går på Blindheim idrettspark lørdag 21.04. kl.14.00.

Vi gledar oss til seriestart ! ?

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund