Kaupanger – FK Fortuna Ålesund

Generalprøve

Etter ei lang oppkøyring, so er det seriestart til helga då vi møter Volda på bortebane lørdag.
Siste test før seriestarten var Kaupanger på Nordfjordeid, og for ei generalprøve det vart………

FAKTA :

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Oda Tennfjord, Ingrid Alnes
Mette Muri(K), Stine Reite
Camilla Smith-Nilsen, Vivian Saadi, Ingrid Vatne
Malin Sunde

Innbyttarar :
-46 min. Cecile ut og Helena Vattøy inn.
-53min. Ingrid V ut og Kari Skovly inn.
-60 min. Stine R, Marthe og Malin ut. Anna Fjørtoft, Lisa Raknes og Birgitte Bjørlykhaug inn.

Slik kom måla :

-0-1 2 min. Ingrid V kjem til innlegg der Mette får ein gigantisk mulighet frå 7-8 meter, ho sparkar meir i bakken enn på ballen, men den sprett vidare til Malin som frå 3-4 meter set ballen sikkert i mål.

-0-2 17min. Eit strålande angrep der Ingrid A raidar opp, slepp ballen til Ingrid V som chippar ballen inn på bakre stolpe, der Camilla kjem og «magar» ballen i mål.

-0-3 28min. Ein perfekt slått corner frå Vivian der Cecilie er heilt fri på bakre og dunkar ballen i mål oppe i vinkelen.

-0-4 55min. Eit magisk angrep ! Vivian blir spelt opp sentralt, spelar vidare på kant til Camilla som slår ein innlegg
som eg får frysningar på ryggen berre av å tenke på, og i feltet stormar Malin inn og set ballen i mål på volley frå 7-8 meter.

-1-4 71min. Vi rotar vekk ballen på eigen halvdel, og ein KIL-spelar smell ballen i mål frå vel 30-35 meter.

-1-5 77min. Igjen tek Vivian fram den perfekte cornerfoten sin, og då er det berre for Birgitte å rage høgst i feltet
og stange ballen i mål frå 2-3 meter.

-1-6 86. Etter ein overgang spelar Camilla inn til Birgitte på ca. 15-16 meter, og etter å ha fått kontroll på ballen so berre dunkar ho den i mål heilt oppe i krysset. Vakkert !

 


KAMPEN :

La det vere klinkande klart med ein gang, vi er ikkje spelemessig 5 mål betre enn Kaupanger i dag ! Uansett er vi fantastiske der fotballkampar blir avgjorte i dag, nemleg i begge boksane. Vi forsvarar oss godt i eigen boks og leverar nokre mål offensivt som fortjenar plass i glas med den flottaste ramma på.
Kaupanger vann 12 av sine 13 siste seriekampar i 2016 og var særs nær å klare kvalikk i si avdeling, og er eit bra lag, som vi fort kan måtte møte i kvalikk til høsten, men det er langt fram der……..
Sjølv om vi vinne klart og det er veldig mykje er bra i dag, så veit vi samstundes at vi har ting å rette på og eg trur vi kan framstå endå betre enn vi gjorde i dag.

Vi har ei særs tett og fin gruppe spelarar no, der innbyttarane er like viktige som dei som startar. Kjekt er det at dei som i dag startar på benken kjem inn og leverar, neste gang kan rollene vere bytta på. Mange er solide i dag, og med litt finpuss siste veka no, so gledar vi oss voldsomt til seriestarten borte mot Volda på kommande lørdag.

Sportsleg helsing
Magne Elde

Kategorier: Nyheter