FK Fortuna Ålesund – IA Akraness

Treningskamp Albir – Spania

 

Etter 5 økter sidan vi kom onsdag, so var det i dag klart for kamp mot det islandske laget IA Akraness. Dei spelte i fjor i den Islandske toppserien, men rykka ned. Laget blir trent av Helena Olafsdottir og Anita Lisa som trente Fortuna fram til mai 2016.

FAKTA :

Slik starta vi : 4-2-3-1.

Marthe Bjørhovde

Stine Muri, Cecilie Otterlei, Oda Tennfjord, Ingrid Alnes

Mette Muri(K), Stine Reite

Camilla Smith Nilsen, Vivian Saadi, Ingrid Vatne

Malin Sunde

 

Innbyttarar :

-70 min. Vivian og Ingrid V ut. Sara Fornes og Birgitte Bjørlykhaug inn.
-80 min. Stine M og Ingrid A ut. Helena Vattøy og Kristine Guldbrandsen inn.

Mål :

-1-0 18min. Malin Sunde(Camilla).

-2-0 39min. Mette Muri.

-2-1 46min. Akraness.

-3-1 47min. Vivian Saadi(Mette).

-4-1 84min. Malin Sunde.

-5-1 87min. Malin Sunde(Camilla).

KAMPEN :

Etter gode økter her i Spania, so var det ein fokusert og klar gjeng som i dag var lystne på kamp. Vi møter eit godt lag, men viser tidleg at vi ynskjer å ta kommandoen i kampen. Dei første 20 minutta er strålande, vi spelar med stor aggressivitet, trykke til i duellane og legge ned vanvittig mange meter i løpskraft.  Det er heilt fortjent at Malin sender oss i leiing etter ein corner etter knappe 20 spelte minutt. Resten av omgangen er tett og tøff, med to lag som spelar med stor intensitet.

Akraness kjem meir med i siste delen av omgangen, men dei klarar ikkje å skape dei klare sjansane. Få munutt før pause slår Malin ein lang ball inn i boksen på frispark, og etter litt fram og tilbake, so landar ballen i beina på Mette som dunkar ballein i mål i vinkelen på halv volley. Pausa handlar om små justeringar og fortsette med same enorme vilje som vi har vist ute på bana.

Andre omgangen er knapt eit minutt gamal, då Akraness skårar etter ein dødball. Heldigvis slår vi tilbake direkte, då Malin er sterk i boks, legg ut til Mette som spelar vidare til Vivian som frå 12 meter breisidar ballen i mål i krysset. Resten av omgangen fortsette i høgt tempo i varmen, men eg følar at vi har stort sett kontroll. Verkeleg farleg blir det først ca. midtvegs i omgangen, dåe ein Akraness-spelar kjem åleine med Marthe, men 1 mot 1 visar ho klasse og reddar.

I det klokka viser 84 minutt viser Malin fram frisparkfoten. Frå 25 meter dunkar ho ballen vakkert i mål i lengste hjørne. Vi får no ein del overgangar, og det er etter ein overgang Malin dreg seg inn i bana og bankar ballen i mål i lengste hjørne og fastset resultatet til imponerande 5-1 !

Vi vinn alle statistikkar i denne kampen og vinne fortjent. Samstundes må vi ta med at kampen spelemessig er jamn og tette, men vi er best i dag der fotballkampane blir avgjort.

Det er nesten umogleg å trekke fram enkeltspelarar i dag, for eg vil påstå at stort sett samtlege leverte årsbeste. Vi føl kampplanen og jentene legge ned vanvittig mange meter og ein stor innsats i varmen.

I kveld skal vi nyte sigeren, i morgon skal vi restituere og so skal vi vere klare til å avslutte opphaldet i Spania med kamp mot Vestsiden mandag.

Deilig ! 🙂
Sportsleg helsing
Magne Elde