Sterk seier!

Facebook
Facebook
INSTAGRAM

Kaupanger – FK Fortuna Ålesund
Treningskamp 23.03. – Stryn Stadion.

Seriestarten mot Herd kjem om kun 2 veker, noko som betyr at det er på tide å byrje å spisse formen og prestasjonane. Det ville Fortunajentene i dag mot 1.divisjonslaget Kaupanger.

Resultat : 0-1(0-0).
Gule kort : Ingen.

Dommar : Elias Åsebø, Haugen IL.

Slik starta vi : 1-4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine O. Muri, Cecilie Otterlei, Mette O. Muri(K), Kristine Gulbrandsen
Oda Tennfjord og Nora M. Ferstad
Kari Skovly, Martine A. Olsen, Ingrid Vatne
Anna Brenne

Innbytte :
-18min. Nora ut og Vilde Kroken inn.
-66 min. Martine ut og Solveig Engås inn.
-75min. Oda ut og Sanna Aslaksen inn.

Mål :
-0-1 84min. Cecilie slår ball i bakrom som akkurat går over KIL sin stoppar.
Kari lese situasjonen og er på full fart inn i farleg område, og kjem til slutt på ball og avsluttar strålande i mål bak KIL sin keeper.

Kampen :
Det var periodevis utfordrande vindforhold i Stryn i dag, kansje spesielt i periodar
i førsteomgangen, då vi fekk vinden mest i ryggen og Kaupanger fekk vinden imot seg.
Førsteomgangen er veldig jamnspelt, der ingen av laga klarar å rive til seg eit skikkeleg overtak.
Det blir eit par småsjansar til begge laga, der våre kansje er dei største.
Martine kjem fri i mellomrommet og skyt eit godt skudd som keeper må gje til corner, og på den påfølgande
corneren kjeme Ingrid fri på første stolpe, men heddinga får keeper til slutt kontroll på.
Kaupanger er vel nærmast på ei kontring der spissen er på veg igjennom,
men Kristine får ordna opp akkurat i tide.
I ein omgang med lite finspel og mest kriging i vinden, så går laga til pause med 0-0.
Vi har eit klart ynskje om å halde nullen i dag, og det er blant anna fokuset i pausa, samstundes som vi
ynskjer småjusteringar for å skape meir offensivt.
Heldigvis løyar vinden til andreomgangen, noko som gjere at det blir lettare å spele fotball
for begge laga. Etter ein ganske jamn start på omgangen, så leverar vi eit klasseangrep etter 60 spelte minuttar
og får kampens første verkelege store målsjanse.
Cecilie spelar strålande over til Ingrid på venstrekanten, ho ser etter Anna i boksen og serverare it godt innlegg.
Anna stige til værs frå 10-11 meter og heddar like utanfor lengste krysset.
No får vi ”blod på tann”, og får ein meget god periode der vi skapar ein del farlighetar.

Kaupanger får vel eigentleg berre ein stor målsjanse i denne kampen etter rundt 70 spelte minuttar,
då eit innlegg blir «sleiva» i tverrleggaren vår.
Det siste kvarteret byrjar begge laga å sjå sletne ut, og kansje skal dette gå mot 0-0….
I det klokka passerar 84 spelte minuttar, så skal vi heldigvis får ei skåring som gjere at vi kan
ta med oss ein solid siger tilbake til Ålebyen.

Foto: Stig Høynes-www.haugenfotball.no

Kaptein Mette om kampen :
Dette var en skikkelig lagseier!
Vi kjemper og kriger gjennom hele kampen og klarer heldigvis å få satt inn et mål.
Vi har også en del andre fine kombinasjoner og angrep som fort kunne blitt omsatt til mål.
Jeg synes det var en fortjent seier og vi begynner å bli klare for seriestart!

Trenarkommentar :
Kaupanger spelar i 1.divisjon og går nok ein tøff sesong i møte, i ein divisjon der mange lag skal rykke ned
pga av det nye seriesystemet med færre lag i Toppserien og 1.divisjon.
Samstundes har Kaupanger ein del gode spelarar med mykje erfaring, så for oss ville dette vere ein god test.
I 2017 møtte vi Kaupanger 3 gangar og vann alle, medan vi i fjor spelte 3-3 i generalprøva på Eid.
Då utlikna Kaupanger på overtid.
Vi ynskja å framstå botnsolide defensivt i dag, etter litt for mange baklengsmål i Oslo forrige helg.
Her leverte vi til neste 3 x 20 i stil, då Kaupanger knapt skapte ein einaste målsjanse på oss.
Offensivt er vi til tider litt for upresise og utydelege i dag, både i bevegelsane utan ball og
i valga våre med ball. Samstundes gav Kaupanger oss lite rom og forholda var ikkje alltid like lette
å beherske. Likevel viser vi inn i mellom gode prestasjonar og ting å bygge vidare på, og spesielt
etter sidebytte får vi satt opp nokre flotte offensive kombinasjonar.
Vi tek med oss mykje positivt frå dagens kamp, og skal bygge på dette den siste perioden inn mot
serieopninga om 2 veker.

Mandag møter vi Herd til avgjerande kamp i J19 NM, før vi skal til Kyrksæterøra neste helg.
Der oppe skal vi spele mot KIL/Hemne og Strindheim som siste test før seriestarten
mot Herd søndag 7.april.

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund