Sterk, viktig og avgjørende seier!

EMAIL
Facebook
Facebook
INSTAGRAM

 

FK Fortuna Ålesund – SK Herd
15.serierunde 2.divisjon.

Rammen for lokalderbyet var flotte på Aksla i dag.
Ei fantastisk grasbane, godt oppmøte og enormt med prestisje og ære i potten.
Herd hadde alt å vinne, vi hadde alt å tape, då er det ekstremt deilig at det gjekk vår veg.

Tribune : Ca. 160 tilskodarar.
Dommar: Steinar Hjelle(Sunnylven IL).
Gule kort : Mette O. Muri.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Lisa Raknes
Stine Muri, Helena Vattøy, Oda Tennfjord, Ingrid Alnes
Mette Muri(K), Nora Ferstad
Camilla Smith-Nilsen, Vivian Saadi, Kari Skovly
Katarina Sunde
Innbytte :
– 70min. Kari ut og Ingrid Vatne inn.
– 82min. Camilla ut og Kristine Gulbrandsen inn.

Slik kom måla :
– 1-0 34min. Nora svingar ein dødball inn i feltet. Etter litt fram og tilbake, så får Katarina ballen i beina, ho tverrvendar og dunkar ballen i stolpen, men heldigvis er Camilla på plass på returen og set ballen sikkert i mål.
– 2-0 67min. Vi vinne ballen på eigen banehalvdel og køyrer ein overgang. Vi får spelt opp Nora sentralt som set fart framover, ho avvise første bevegelsane, spelar ut på venstre til Ingrid A som driv inn i bana og set opp Camilla på høgrekanten. Ho susar mot dørlinja og slår eit perfekt innlegg mot bakre stolpe som Katarina heddar i mål. Vakkert !

Kampen :
Det var ein ganske jamn start på kampen i dag, med to lag som spelte med liten risiko og som verkeleg ville krige om poenga.
Vi får etter kvart omgangens første store sjanse, då Katta får muligheten heilt åleine på bakre stolpe etter corner, men avslutninga går like utanfor. Etter kvart tek vi meir og meir over kampen, vi får ballen ned på bakken og får oftare satt opp det angrepsspelet vi ynskjer. Herd ligge lavt og kompakt med laget sitt, og det blir litt for mykje nesten i siste fasen. Heldigvis blir det slutt på nesten, då vi etter 34 spelte minutt får ei særs fortjent leiing.
Vi er klart best før pause i dag, særs solide defensivt og periodevis mykje bra offensivt.

I pausa er stemninga god, vi diskuterar justeringar og spelarane er vanvittig gira på å dra dette i land.

Foto: : Marius Simensen, Sunnmørsposten.

Foto: : Marius Simensen, Sunnmørsposten.

Foto: : Marius Simensen, Sunnmørsposten.

Etter pause synst eg vi også starta bra, og får satt eit lite trykk på Herd, kjem til ein del innleggsmulighetar, men vi vel litt feil og blir litt for upresise. Etter kvart blir vi kansje litt for opptekne av kynisme og gjere ting enkelt, i staden for å tørre å bruke ballen meir. Vi viste at Herd er tunge på dødballar, og dei skapar også eit par store mulighetar etter cornerar, men vi får heldigvis rydda unna i siste liten. Det er fantastisk deilig når vi set opp eit strålande angrepsspel, som sender oss opp i 2-0 leiing ca. midtvegs i omgangen.
Vi er jo spelemessig klart beste også etter pause, men Herd løftar seg og skapar nokre farlege sjansar på dødballar og overgangar.
Ein fortjent siger mot eit godt Herdlag !

Kapteinen om kampen :
For en lagseier! Er utrolig stolt av laget i dag 😊Første omgang synes jeg vi har full kontroll på kampen og skaper en del sjanser. Vi står solide bakover, som gjør at Herd ikke kommer til noe vi kan kalle en målsjans i første omgang. Andre omgang starter vi egentlig bra og jeg synes vi har god kontroll første del og får til noen flotte angrep. Siste halvdel av omgangen kommer Herd litt mer med og har noen farlige dødballer og kontringer.
Alt i alt en utrolig VIKTIG og fortjent seier!

Kommentar :
Herdleiren karakteriserte Aksla-matta som Champions league klasse før kampen i dag, det har dei sjølvsagt rett i !
Eg skal ikkje påstå at spelet heldt same klasse i dag, men for ein moral og laginnsats vi leverte.
Malin Sunde vår soleklare toppskårar og ein av landets beste spelarar var på landslagssamling, Cecilie Otterlei vår forsvarssjef var ute med skade, kansje vår beste spelar i høst Ida Kroken var også ute med skade. Vi snakkar då om 3 av våre alle beste spelarar ute av spel i eit ekstremt viktig og tøft lokaloppgjer. For å fortsette i Champions league prat. Ein kan dra ei lita samanlikning til Barca utan Messi, Raketic og Pique i ein viktig og avgjerande fotballkamp…….
Uansett, då handlar det om at andre står fram, at LAGET står fram og viser at ingen enkeltspelar er uerstatteleg. Det gjorde jentene til det fulle i dag. Vi er under eit enormt press, der kun siger i kvar einaste kamp betyr noko om det skal kunne bli opprykk.

Eg må berre innrømme at eg frykta kampen i dag. Herd er gode, dei har ei enorm bredde og kan sikkert stille neste to like gode lag.
Frykta forsvann raskt etter at spelarane kom på stadion i dag. Ein kunne kjenne på stemninga at gjengen var vanvittig godt førebudde, konsentrerte og villige til å gjere jobben. Eit fantastisk spelarmøte med stort engasjement og ei knallgod oppvarming , gjorde meg sikrare på at dette skulle vi kunne klare likevel.
Laginnsatsen i dag var stor og samtlege spelarar skal ha stor skryt. Samstundes kan ein ikkje la vere av å nevne banas yngste spelar og debutant, Blindheimsjenta Nora Ferstad i dag. Ho er nest 02 modell(manglar kun 4 dagar) og vart «kasta» inn på sentral midtbane etter å kun ha jobba i rolla på ei økt i går kveld. Der andre stressar med ball, viser Nora ein imponerande ro og ser alltid etter dei konstruktive løysningane. Ein imponerande debut i 2.divisjon frå start !

I kveld er vi stolte, glade og gledar oss ekstremt mykje til ei spennande sesongavsluttning 🙂

Magne

#samhold #vilje #kvalitet #engasjement

 

Hjelp oss å spre budskapen! Lik oss! Del oss!