FK Fortuna Ålesund – Volda

Treningskamp Aksla stadion 07.08.18.

Resultat : 8-0(2-0).
Gule kort : Ingen.
Dommar : Alf Fruland.
Tribune : Ca. 40 tilskodarar.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine O. Muri, Cecilie Otterlei, Helena L. Vattøy, Kristine Gulbrandsen
Mette O. Muri(K) og Oda S. Tennfjord
Kari Skovly, Nora Ferstad, Ingrid Vatne
Vivian Saadi
Innbytte :
-46min. Stine Reite, Josefine Ervik, Ellijanne Andersson og Vilde Kroken inn.
Kristine, Stine, Helena og Marthe ut.
-65min. Martine A. Olsen og Kristine inn.
Nora og Oda ut.

Mål :
-4min. 1-0 Mette Muri(Kari Skovly).
-5min. 2-0 Ingrid Vatne(Kari Skovly).
-46min. 3-0 Cecilie Otterlei(Nora Ferstad).
-64min. 4-0 Stine Reite.
-69min. 5-0 Kristine Gulbrandsen(Martine A. Olsen).
-71min. 6-0 Martine A.Olsen(Vivian Saadi).
-83min. 7-0 Kari Skovly(Ingrid Vatne).
-84min. 8-0 Cecilie Otterlei str.(Ingrid Vatne).

Kampen :
Lørdag startar høstsesongen borte mot Nardo.
Tirsdag kveld på ei fantastisk Akslamatte fekk vi ein god «treningsøkt» mot Volda, som
på si side kjempar om opprykk frå 3.divisjon.
Vi tek tak i kampen direkte og skårar to tidlege mål.
Resten av førsteomgangen er mykje strålande angrepsspel, men vi er ikkje effektive nok.
Uansett ein meget godt gjennomført omgang.

I andreomgangen fortsette vi det gode spelet, litt meir periodevis, men
no er vi mykje meir effektive og rullar inn mange flotte mål.
Totalt sett er eg meget godt fornøgd med det vi presterar i dag.
Vi er gode med ball, tek mange gode val og skapar særs mange målsjansar
etter flotte kombinasjonar.
Det er ein flott tydleghet i spelet vårt i dag og vi sprudlar av speleglede.
Ein gode opplevelse å ta med seg inn i seriestarten lørdag 😊

Meir informasjon om spelartropp og status før høstsesongen
kjem utover i veka.

Magne