FK Fortuna Ålesund – Volda

10.serierunde 2.divisjon.

Vi veit og forventa at Volda alltid jobbar beinhardt og ikkje ville gje oss noko gratis i dag,
det gjorde dei so absolutt frå start i dag også, men vi var rett og slett minst ein klasse betre !

Tribune : Ca. 80 tilskodarar.
Dommar: Dag H. Moldskred(Hareid).
Gule kort : 2 til Volda.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Oda Tennfjord, Ingrid Alnes
Mette Muri(K), Ida Kroken
Kari Skovly, Katarina Sunde, Ingrid Vatne
Malin Sunde

Innbytte :
– 63min. Stine, Katarina og Ingrid V ut. Camilla Smith-Nilsen, Helena Vattøy og Vivian Saadi inn.
– 70min. Marthe, Kari og Ingrid A ut. Lisa Raknes, Nora Ferstad og Birgitte Bjørlykhaug inn.

Slik kom måla :
– 1-0 3min. Malin blir felst soleklart i straffefeltet. Dommaren vel å gje frispark på 18 meter.
Ja, like greit det tenker Malin og skrur frisparket nydeleg over muren og i mål i nærmaste hjørne.
– 2-0 13min. Eit fantastisk angrep ! Ballen går på ein og to touch, vi vendar spelet før ballen havnar med Kari
på kanten som slår eit godt innlegg som Malin møter og set i mål frå 4-5 meter.
– 3-0 29min. Katarina blir spelt flott igjennom, avslutninga blir redda, men på plass på returen er Malin og set ballen i mål.
– 4-0 67min. Ida blir til slutt lagt i bakken i 16 meteren i god skåringsposisjon. Malin set straffa sikkert i mål.
– 5-0 78min. Etter bra Fortunaspel, so er det til slutt Ida som slår eit godt innlegg i boksen, der Malin spring seg fri
og omtrent brystar ballen i mål frå kort hald.

Kampen :
I vårsesongen kom vi under 0-1 i 5 av 9 kampar, blant anna i seriepremiera borte mot Volda. Det skal vi slutte med !
I dag går vi rett i strupen på bortelaget og set press på dei frå start. Det gjere at vi går i 1-0 leiing etter kun 3 spelte minutt.
Kjem ein i leiing so får ein meir ro i spelet og ein slepp å jage like mykje. Det viser førsteomgangen i dag.
Eg synst vi er strålande før pause i dag, ja, kansje er det årsbeste !?

  • Storscoreren Malin Sunde viser stolt hvor mange mål hun scoret mot Volda.

Samtlege spelarar gjer ein strålande jobb, og vi er gode på dei tinga vi har prata om og jobba med heile veka.
Vi er rå på omstillinga vår og vi spurtar i press, noko som gjere av vi vinn ballen igjen hurtig dei gangane vi mistar den.
Samstundes vil vi ta duellane og vi spelar med ein god balanse i laget.
Offensivt spelar vi med ro og presisjon, vi er tydelege i bevegelsane våre og spelar som eit lag på få touch.
3-0 leiing til pause kan fort vere 2-3 mål til, etter spel og sjansar.
Vi ynskjer sjølvsagt å framstå like strålande i andreomgangen, og sjølv om vi er like overlegne Volda då både i spel
og sjansar, so “luggar” det litt meir. Vi blir litt for ofte frista til å gjere ting vanskeleg og vi missar nokre vanvittige målsjansar.
Totalt sett skapar vi 15-16 store målsjansar i dag, og Volda har vel i grunnen ikkje ein einaste skikkeleg målsjanse i kampen.
Uansett er totalen i dag meget bra !
Ein kan sjølvsagt ikkje la vere å trekke fram Malin med 5(!) mål i dag, noko som er fantastisk bra. Ho er no oppe i 12 seriemål.
Eg sa før sesongstart at eg trudde på mellom 20-25 mål på Malin i år, det nærmar seg ?
Samstundes handlar det langt frå om kun Malin i dag, for mange er svært gode og det viktigaste, vi er gode som eit LAG !

Nora Myklebust Ferstad frå Blindheim debuterte i dag, og viste dei 20 minutta ho spelte sin flotte ro i alle situasjonar.

Jobben vi har gjort i sommar viser seg no. Strålande fotball, flotte skåringar, null baklengs og mange spelarar i god form.
Vi gledar oss veldig til resten av denne fotballhausten ?

 

Magne