FK Fortuna Ålesund – Nardo SK
1.seriekamp Color Line Stadion 21.04.18

Det var lette å forstå alt ved oppmøte i dag på spelarane at det no endeleg
var ein kamp av betydning som skulle spelast.
Spelarane var fokuserte og nervane låg nok litt i lufta.

Resultat : 7-0(3-0).
Gule kort : Ingen.

Tribune : Ca. 100 tilskodarar.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Kristine Gulbrandsen, Cecilie Otterlei, Helena L. Vattøy, Nora M. Ferstad
Mette Muri(K), Ida Kroken
Camilla Smith-Nilsen, Anna Fjørtoft, Kari Skovly
Katarina Sunde

Innbytte :
– 65min. Kari ut og Ingrid Vatne inn.
– 65min. Anna ut og Vivian Saadi inn.
– 75min. Kristine ut og Oda S. Tennfjord inn.
– 75min. Nora ut og Vilde Kroken inn.

Eva(sjuk) og Stine og Lisa(skadar) stod over i dag.
Vilde Kroken fekk i dag sin debut på seniornivå i klubben då ho entra bana.

Mål :
-1-0 30min. Nora svingar inn corneren og der ragar Ida høgast og heddar i mål frå 7-8 meter.

-2-0 38min. Eit godt etablert angrep der Camilla til slutt kjem rundt på kanten og slår inn til Anna.
Ho får kontroll på ballen og spelar vidare til Kari som bankar ballen i mål frå ca. 10 meter på bakre stolpe.

-3-0 41min. Igjen skjer det på høgrekanten der Camilla til slutt får svinga inn eit perfekt innlegg, som
Katarina heddar strålande i mål i hjørnet frå ca. 10 meter.

-4-0 53min. Nytt godt angrep der Katta blir spelt opp, ho legge ut på kanten der Camilla fossar forbi backen
og legg nydeleg ut til Mette som berre kan setje ballen i mål frå 7-8 meter.

-5-0 54min. Ida stikke Katta gjennom åleine med keeper og ho berre touchar ballen vidar forbi keeper og i mål.

-6-0 59min. Anna spelar ballen til Ida som betemme seg for å gjere ting på eigahand, ho driblar seg forbi 3-4 spelarar og skjer inn
i feltet og avsluttar i mål i lengste hjørne.

-7-0 85min. Ingrid får ballen ute på sida, ho set på farten og driblar seg forbi to spelarar før ho avsluttar sikkert i mål frå litt skrått hald.

Kampen :
Det var ein del høge skuldrar og mange tekniske feil dei første gode 20 minutta i dag.
Noko som gjorde at ingen av laga skapte noko i det heile teke, før Ida dunkar ballen over på ein corner
etter 23 spelte minutt. Kampens første målsjanse.

No tok vi meir og meir over kampen, tør å bruke ballen meir og får oftare satt opp godt kombinasjonspel.
Kari er på farten og skapar to store sjansar i dei neste minuttane, men det er ikkje før klokka har passert 30 spelte
minutt at årets først seriemål er eit faktum. Ida tek revansje og heddar inn sesongens første mål.
Vi styrar no kampen og aukar leiinga til både 2-0 og 3-0 før pause.
Nardo får sin første og einaste klare målsjanse i kampen etter 42 spelte minutt, men avsluttninga
frå god posisjon går rett i fanget på Marthe.

  • Aksla J-08 var balljententer for anledninga

Pausa handlar om småjusteringar taktisk og med fokus på å tørre endå meir med ball.
Tre raske mål dei første 15 minuttane av andreomgangen, gjere sjølvsagt at den siste halvtimen
av kampen blir ein parademarsj. Vi styrar kampen og skapar 6-7 veldig store og klare målsjansar, så
i denne perioden bør vi putte på nokre mål til. Først 5 minutt før slutt er det innbyttar Ingrid som
viser fram sin kvalitetar 1 mot 1 offensivt og skårar kampens 7. og siste mål.
Dermed endar seriepremiera med ein suveren siger !

Kaptein Mette om kampen :
Endelig er vi i gang igjen, og det på best mulige måte!!
Første omgang var preget av litt nerver og slur, men det kom seg ut over i omgangen.
I 2. omgang vil jeg si det bare er ett lag på banen, der vi har full kontroll fra start til slutt.
Veldig deilig med en slik serieåpning, og vi gleder oss allerede stort til neste runde.

Trenarkommentar :
Det var seriepremiere, det er utvilsomt ting å forbetre, men det einaste som betyr noko i dag er
3 deilige poeng inn på kontoen og ein suveren 7-0 siger.
La det vere sagt med ein gang, eg er strålande fornøgd !
Uansett korleis ein snur og vendar på det, so er ei seriepremiere alltid spesiell. For første gang på
lange tider spelar ein om poeng og det gjere alltid noko med det mentale hos spelarar og trenarar.
I dag er vi prega og hos fleire so tappar nok nervane ein del energi frå spelarane.
Eg synst vi behelde roa i dag, både på og utanfor bana. Vi er tolmodige utan å miste fokus sjølv om vi ikkje lykkast i starten,
og det får vi betalt for etter kvart.
Totalt sett var dette ein draumeopning, der vi er veldig solide og det er alltid kjekt å halde «reint» bakover.
No skal vi putte saman ei ny god treningsveke, so skal vi vere klare til å starte sigersfangste
på bortebane mot Sunndal neste veke.

Magne ?

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund