Suveren start!

EMAIL
Facebook
Facebook
INSTAGRAM

FK Fortuna Ålesund – Molde

Treningskamp i Sparebanken Møre Arena 28.01.18

Vi snakkar kun januar månad, men likevel må ein kunne seie at det var klasseskilnad mellom fylkets to beste damelag i hallen i dag.
Tribune : Ca. 90 tilskodarar.
Dommar: Jan Lund.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Mette Muri(K), Kristine Gulbrandsen
Anna Fjørtoft, Ida Kroken
Kari Skovly, Vivian Saadi, Ingrid Vatne
Katarina Sunde

Innbytte :
– 45min. Ida ut og Eva Hormazabal inn.
– 60min. Stine ut og Ida inn igjen.
– 65min. Katarina ut og Martine A. Olsen inn.
– 75min. Anna ut og Line Magerholm inn.
– 85min. Vivian ut og Katarina inn igjen.

Martine (Blindheim) og Line (Spjelkavik) er begge hospitantar og fekk i dag sine første minuttar i Fortunadrakta og gjorde ein fin innsats !

Mål :
– 1-0 51min. Katarina(Mette). – 1-1 18min.
– 2-1 22min. Ida(Katarina). – 3-1 Katarina(Ingrid).
– 3-2 44min.
– 4-2 52min. Vivian(Katarina). – 5-2 57min. Katarina(Ingrid).
– 6-2 84min. Vivian(Kari). – 7-2 86min. Katarina(Kari).

Kampen :
Det er alltid litt spenning knytt til årets første treningskamp og med erkerival Molde på
motsatt banehalvdel, så gjorde det at vi gjekk til kampen med litt ekstra motivasjon og spelelyst.
Vi har nesten kun hatt eit fokus på det defensive på treningsfeltet so langt i år.
Difor var hovudpunkta i kampplanen satt i forhold til det. Alt vi fekk til offensivt i dag uttalte underteikna
at vi tok som ein bonus. Ein kan vel seie at bonusen vart ganske bra 😊

Vi tek kommandoen frå start og alt etter kun 3 spelte minutt er Katarina på farten og avsluttar i stolpen.
Det skulle bli fleire mulighetar til å skåre mål for Katarina og resten av jentene etter kvart.

I førsteomgangen i dag er vi best, sjølv om Molde periodevis er bra med på notane.
Vi skapar 6 store målsjansar og skårar 3 mål, medan vi dessverre sviktar på dødballar imot defensivt.
Ellers har vi god defensiv kontroll og sleppe ikkje Molde til store sjansar i ope spel.

Var vi best i førsteomgang, så er vi suverent best i andreomgangen !
Vi skapar endå fleire målsjansar, skårar 4 nye mål og har fleire flotte offensive relasjonar som vi er nesten
å lykkast med. Defensivt blir vi trua endå mindre og utanom ein stor Moldesjanse, så har vi god kontroll.
Til slutt vinn vi kampen heile 7-2 !

Akkurat i dag var vi rett og slett minst 5 mål betre enn Molde, samstundes veit vi at dei kjem heilt sikkert
å framstå som ein endå betre og tøffare motstandar alt når vi møter dei igjen til ny treningskamp på
Aker stadion 17.februar.

Spelarane leverte varene i dag både defensivt og offensivt om ein ser vekk i frå det einaste minuset –
dødballar imot. Vi har lagt bak oss 3 knallgode treningsveker, vi har ein spelartropp der mange er i ei
positiv utvikling og eg er sikker på at vi kjem til å ta store steg i 2018.
Vi gledar oss stort over å vise kven som er fylket sitt suverene topplag, samstundes som vi veit at det
må jobbast like hardt og godt framover.

Ingenting kjem gratis !

Neste kamp er bort mot KIL/Hemne lørdag 10.februar.

Magne

Hjelp oss å spre budskapen! Lik oss! Del oss!