FK Fortuna Ålesund – Molndal

Dana Cup
Gruppespel 2 x 25 min.
26.07.
Som forventa vart det også i siste gruppespelskampen spel mot eit mål,
i samtlege 50 minutt.

Slik starta vi i 4-2-3-1 :
Lisa Raknes
Stine Muri, Oda Tennfjord(K), Helena Vattøy og Kristine Gulbrandsen.
Ida Kroken og Anna Fjørtoft.
Kari Skovly, Katarina Sunde og Vivian Saadi.
Birgitte Bjørlykhaug.

Innbytte :
– 26 min : Lisa, Kari, Vivian og Stine M ut.
Inn kom Malin Sunde, Cecilie Otterlei, Ingrid Vatne og Marte Bjørhovde.
– 31 min. Ida og Katarina ut. Inn kom Mette Muri og Stine Reite.
– 38min. Anna ut og Katarina inn.

Mål :
– 1-0 19min. Katarina(Vivian).
– 2-0 21min. Katarina(Birgitte).
– 3-0 31min. Helena.
– 4-0 32min. Birgitte(Ida).

 

 

Kampen :
Kort og presist, 4-0 burde vore veldig mykje meir i denne kampen !
Vi styrar totalt og skapar meir enn nok målsjansar, men er dessverre for ofte upresise i
avslutningane.
Uansett er vi suverene gruppevinnarar med tre strake sigrar og 21-0 i målskilnad.
Vi har vore mykje betre enn motstandarane, som forventa, for det er når sluttspelet startar
vi veit at motstanden blir mykje sterkare.

Vi skal spele kvartfinale i morgon kl.20.30.
Kven motstandaren blir er ikkje klart endå, då nr. 2 i gruppe 2 og 4 skal møtast i 1/8-delsfinale
for å spele om retten til å møte oss kl.13.00 i morgon føremiddag. Det blir då vinnaren av Tonstad IL og Gimletroll IK som møter oss.

Vi er sterke i trua på at vi kan komme oss inn i ein semifinal fredag føremiddag og då kan alt skje ! ?

Coach Magne