Suverene vinnere!

EMAIL
Facebook
Facebook
INSTAGRAM

 

FK Sykkylven – FK Fortuna Ålesund
Kvalifisering J19 NM 11.04.18

Tribune : Ca. 80 tilskodarar.

Dommar : Håkon Tronstad, Valder IL.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Mathea Dahle, Kristine Gulbrandsen, Line Magerholm
Vilde Kroken, Nora M. Ferstad
Frida Hareide, Martine A. Olsen, Kari Skovly
Vivian Saadi(K)

Innbytte :
– Ingen !

* Blindheimsjenta Mathea Dahle spelte sin første kamp for Fortuna i dag, og leverte strålande stopparspel ! 😊

Slik kom måla :
– 0-1 18min. Nora spelar gjennom Kari, ho kjem til dørlinja og legge ut til Vivian der keeper reddar avslutninga,
men Martine er på plass på returen og set den sikkert i mål frå ca. 16 meter.

– 0-2 50min. Martine blir spelt fri i mellomrommet, og ho trer Vivian glimrande åleine med keeper.
Vivian er iskald og rundar keeper og set ballen sikkert i mål.

-0-3 85min. Vivian spelar til Kari som har kome inn i bana, og frå ca. 16 meter dunkar Kari ballen i mål.

Kampen :
Sykkylven kjempar, krigar godt og gjere sitt beste – likevel har vi i grunnen full kontroll på
kampen frå start til slutt. Vi skapar 13-14 store målsjansar mot Sykkylven sine 2, som kom i løpet av 2-3 minuttar godt ut i andre omgang.
Vi har også 10 cornerar mot Sykkylven sine 0.

Totalt sett ein særs fortjent og solid siger.

Konklusjonen er at vi har vore ein klasse betre enn motstandarane våre i denne kvalikken,
og at vi også på J19 nivå er fylkets suverene flaggskip. Dette sjølv om halve «gull-laget» er «bytta ut» sidan i fjor.

 

Tabellen :
1. Fortuna : Målskilnad 13-1. 9 poeng.
2. Herd : Målskilnad 10-8. 6 poeng.
3. Sykkylven : Målskilnad 8-9. 3 poeng.
4. Hødd : Målskilnad 1-14. 0 poeng.

Fortuna og Herd til 1.offisielle runde NM J19.
1.runde er satt til 24.mai.

Då gledar vi oss til å sjå kven vi møter i 1. offisielle runde !

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund

Hjelp oss å spre budskapen! Lik oss! Del oss!