FK Fortuna Ålesund – Byåsen 2
3.serierunde – Aksla stadion 21.05.18

I eit nydeleg vær på vakre Aksla var det i dag klart for den utsatte
kampen mot Byåsen 2.
Sjølv om Byåsen 2 stilte klart sterkare enn i dei første kampane,
så var det likevel spel mot eit mål gjennom begge omgangane.

Resultat : 7-0(3-0).
Gule kort : Ingen.

Tribune : Ca. 80 tilskodarar.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Kristine Gulbrandsen, Cecilie Otterlei, Helena L. Vattøy, Nora M. Ferstad
Mette Muri(K), Oda S. Tennfjord
Camilla Smith-Nilsen, Anna Fjørtoft, Ingrid Vatne
Katarina Sunde

Innbytte :
– 61min. Oda ut og Vivian Saadi inn.
– 61min. Camilla ut og Kari Skovly inn.
– 61min. Nora ut og Vilde Kroken inn.
– 61min. Kristine ut og Stine O. Muri inn.

Mål :
-1-0 19min. Helena slår ein lang ball i bakrom som touchar hårtustane
til Byåsen-stopparen, men finn Katarina som åleine med keeper
avsluttar trygt og godt i hjørnet.

-2-0 33min. Ingrid set fart med ballen og driblar seg gjennom,
keeper reddar skuddet men på returen er Katarina på plass og set ballen i mål.

-3-0 43min. Anna gjenvinne ball på ca. 30 meter, spelar til Oda som tek med seg
ballen og skyt frå 22-23 meter.
Ballen går via ein Byåsen-spelar og i ein bue over keeper og i mål.

-4-0 46min. Ingrid blir spelt fri ute på venstresida og slår eit innlegg.
Keeper er på ballen, men igjen er Katarina på plass og heddar inn sitt 3.mål.

-5-0 69min. Igjen er det Ingrid som svingar inn eit flott innlegg frå kanten,
og i feltet er det Vivian som møter ballen på første stolpe og heddar i mål
i hjørnet frå 6-7 meter.

-6-0 73min. Vi køyrer ein strålande overgang der Katarina spelar igjennom Mette
på løp mot dørlinja og ho legge perfekt 45 grader til Vivian som dempar ballen
før ho set det roleg og kontrolert i mål.

-7-0 74min. Vivian spelar ballen til Ingrid ca. 40 meter frå mål.
Ho set på fart og fossar gjennom heile Byåsen-forsvaret og avsluttar i mål i lengste hjørne.

  • Katarina er etter 4 serierundar i 2.divisjon suveren toppskårar med sterke 10 mål !

Kampen :
For å seie det kort og enkelt – dette var spel mot eit mål, eller rettare sagt to mål, mot Moa i
første omgang og mot byn i andreomgangen.
Vi har sikkert ballen i over 90 % av tida i dag. Vi skapar sjansar i «bøtte og spann» og
bør sjølvsagt skåre endå fleire mål i dag. Dette til tross for at vi periodevis er litt for
upresise med ball og slit med å tolke kva rom vi skal utnytte.
Siger 7-0 var ikkje eit mål for lite.

Kaptein Mette om kampen :

I dag var det rett og slett bare ett lag på bana. Vi kjører kampen fra start til slutt og skaper en haug med sjanser.
Selv om det lugger litt og vi skulle satt noen mål til, er det utrolig deilig med 3 nye poeng og tabelltopp !
No er blikket rettet fremover mot helgas toppkamp ! Vi gleda oss veldig ?

Trenarkommentar :

Vi er sjølvsagt særs nøgde med 7-0 og tabelltopp etter 4 serierundar !
4 strake sigrar og 20-2 i målskilnad er klasse, uansett korleis ein snur og vendar på det.
Dette er ein strålande sesongstart og eit perfekt utgangspunkt, før vi møter
vår største konkurrent til spennande toppkamp lørdag.
Vi veit at vi har endå meir å gå på, og med ei god treningsveke i beina, så
Skal vi prestere endå betre lørdag. Kampen vil på mange måtar definere
resten av sesongen og for oss handlar det kun om å gå for siger og 3 poeng !
Lørdag møter vi KIL/Hemne til toppkamp kl.13.00.
Pga. friidrettsstevne på Aksla, så spelar vi kampen på Color Line Stadion.

Magne