Etter ein meget god vårsesong, så tek Fortuna ferie på tabelltopp.
Sommaren betyr ofte litt endringar i spelarstallen, då spelarar gjerne flyttar på seg pga. studiar andre stadar.
Dette gjeld også oss i sommar og det er no klart at Camilla og Anna flyttar vekk på studiar, og i utgangspunktet ikkje er aktuelle for Fortunaspel i høst.
Forrige veke vart dei begge takka av men blomstrar og kvar si Fortunadrakt, og begge var på bana frå start i sigeren mot Surnadal lørdag.

Camilla Smith-Nilsen(23) flyttar til Bergen for studiar.
Camilla kom til klubben vinteren 2016 og har spelt 48 kampar(serie + NM) i løpet av desse 2,5 åra. Ho har vore «assistdronninga» i laget i denne perioden, og har levert sterke 18 assist på dei siste 27 kampane sine i 2017 og 18 sesongen. Camilla har vore ein nøkelspelar under min siste periode som Fortunatrenar, og er faktisk laget sin elste spelar når ho no reiser. Om det blir fotball på Camilla i ein anna klubb i høst er pr. no litt usikkert, men ho har lovde å vere i «back up» utover høsten om det skulle bli behov hos oss.

Anna Elise Aarønes Fjørtoft(20) flyttar til Oslo for studiar.
Anna kom til klubben sommaren 2015 og har spelt 38 kampar(serie + NM) i løpet av desse 3 åra.
I tillegg var ho ein del av det historiske NM-laget som tok gull i J19 i fjor.
Anna har heile vegen teke steg for steg, og blitt ein viktigare og viktigare del av laget. I løpet av vinteren og våren har ho spesielt teke store steg og fått mykje tillitt i år. Om det blir fotball vidare på Anna er også usikkert, men også ho vil kunne bidra om vi skulle komme i ei «knipe» i høst. Camilla og Anna blir sterkt sakna i gruppa både på og utanfor bana.
To strålande jenter, som vi ynskjer mykje lykke til vidare.

Fortuna døra vil alltid stå open for dykk ! https://static.xx.fbcdn.net/images/emoji.php/v9/f6c/1/16/1f499.png

Magne

Kategorier: Nyheter