I kampen mot Sunndal forrige onsdag, så spelte Oda Sperre Tennfjord
sin siste kamp i Fortunadrakta i denne omgang.
I går vart siste trening gjennomført, før ho rundt helga reiser til England for vidare studiar.
I kampen mot Sunndal fekk Oda blomster som takk for innsatsen, og det var ekstra kjekt
at ho spelte ein meget god kamp og skåra det flotte 2-0 målet.

Oda kom til Fortuna sommaren 2014 og debuterte i NM-kamp mot Sunndal 11.juni 2014.
Sidan den gang har Oda vore litt «inn og ut” av Fortunatroppen.
I 2015 henta underteikna Oda til Volda, der ho spelte høstsesongen på lån.
Våren 2016 var Oda tilbake i moderklubben Ravn, før ho på høsten var tilbake i
Fortuna og har vore ein særs viktig spelar og bidragsytar i gruppa dei siste par åra.
Oda er definisjonen på 100 %, ho er tydeleg og ein spelar å stole på.
Ho stoppar på 38 offisielle kampar for klubben i denne omgang.

Oda og underteikna har ein litt spesiell statistikk i løpet av desse åra.
I kampar der Oda har starta for meg som trenar – så har vi ALDRI tapt !

Dette gjeld i totalt 30 seriekampar :
2014 : 1 kamp i 1.divisjon.
2015 : 6 kampar i Volda i 2.divisjon.
2017 : 18 kampar i 2.divisjon.
2018 : 5 kampar i 2.divisjon.

Vi vil takke Oda for flotte bidrag i Fortunadrakta og ynskje ho mykje lykke til vidare ! 💙

Sportsleg helsing
Magne

Kategorier: Nyheter