FK Fortuna Ålesund har kvar fredag besøk av spennande jenter som får matche seg mot våre, for å få referansar og erfaringar på kvar nivået ligg. Vi ser på dette som spelar som for framtida har potensiale til å spele på eit høgt nivå, om dei har motivasjon og vilje til å legge ned den harde jobben som krevst. Gjennom det å få hospitere med oss håpar vi at dei får motivasjon og inspirasjon med seg tilbake i sin eigen klubbkvardag, og får lyst og til å jobbe hardt for å utvikle seg vidare.

For oss som klubb så er vi heilt prisgjeve den gode jobben som blir gjort omkring i klubbane på Sunnmøre,  for det er der dei neste Fortunaspelarane blir skapte. Så håpar vi at vi kan vere med å bidra til at dei tek det siste steget vidare, og at vi får fleire “1àrar” opp og fram på jentesida på Sunnmøre.

Vi takkar klubbane for velviljen til  å la oss “låne” sine spelarar.

No i vinter har vi følgande 7 jenter med oss :

– Nora Myklebust Ferstad, 2001, Blindheim IL.
– Vilde Kroken, 2001, Langevåg IL.
– Solveig Engås, 2001, SK Herd.
– Sara Fornes, 2001, Gossen IL.
– Synne Masdal, 2001, SK Herd.
– Therese Holstad, 1999, Hødd IL.
– Ingrid Engås, 1999, SK Herd.

På bildet f.v. Vilde, Nora, Sara, Ingrid og Solveig.

Kategorier: Nyheter