Trondheims Ørn 2 – Fortuna Ålesund

Treningskamp

Slik starta vi : 4-2-3-1.

Lisa Raknes

Stine Muri, Cecilie Otterlei, Oda Tennfjord, Ingrid Alnes.

Stine Reite, Mette Muri.

Camilla Smith-Nilsen, Vivian Saadi, Ingrid Vatne
Kari Skovly

 

Innbyttarar :

-41 min. Lisa, Ingrid V og Stine R ut.
Marthe Bjørhovde, Helena Vattøy, Anna Fjørtoft og Birgitte Bjørlykhaug inn.

– 50min. Ingrid ut.
Kristine Guldbrandsen inn.

 

Mål :

1-0 15min. T/Ø.
2-0 25min. T/Ø.
3-0 39min. T/Ø.
3-1 71min. Birgitte Bjørlykhaug(Vivian Saadi).

Kampen :

I førsteomgangen i dag stemmer lite. Vi er neste best i alle duellar, særs upresise med ballen og vel stort sett
dei vanskelege løysingane heile tida. Det gjere at TØ er det beste laget og vi ligg under 3-0 til pause.

Årets desidert svakaste omgang var eit faktum, og slik vi framstod før pause kunne vi ikkje vere bekjente av.
Den beskjeden responderar jentene på etter pause, og utan at vi på nokon som helst måte “glittrar” etter sidebytte
heller, så er vi det beste laget og vinn omgangen 1-0.
I ei sesongoppkøyring er det nyttig å få slike erfaringar, med både sigrar og tap, oppturar og nedturar.
Det handlar heile tida om å ta med seg erfaringane vi får i desse kampane til utvikle oss vidare.

Helga :

Vi har hatt ei særs nyttig og lærerik helg i Trøndelag.
Ein god kamp fredag mot god motstand i KIL/Hemne som skal spele 1.divisjon.
Lørdag fekk vi nye impulsar ved å følge Trondheims Ørn i kamp, og ikkje minst ved at hovudtrenar
Thomas Dahle køyrde ei knallgod økt med oss med fokus på offensiv samhandling.
Her fekk både spelarar og trenarar nye impulsar som vi kan ta med oss på vegen vidare !
Ikkje minst sosialt har helga vore ein suksess, då det er viktig å vere saman for å knyte spelargruppa
tettare saman og for å skape trygghet og stor trivsel i gruppa.
Har vi stor takhøgde, trygghet og trivsel i gruppa, då ligg forhold endå betre til rette for at vi alle
kan utvikle oss vidare.

No er det vel 2 veker til vi reiser på treningsleir til Spania, men først skal vi gjennom 3 kampar til :
– Søndag 26.03 kl.18.30 møter vi Blindheim i J19 NM.
– Torsdag 30.03 spelar vi forhåpentlegvis finale i kvalifiseringa til 1.runde J19 NM.

– Laurdag 01.04 kl.14.00. spelar vi 1.runde NM damer borte mot Sunndal.