Kvalifisering J19 NM – Høddvoll 20.02.

Resultat : 2-1(0-0).
Gule kort : Stine O. Muri + eit til Hødd.
Dommar : Ane Serine Dimmen, Volda TIF.

Slik starta vi : 1-4-4-1.
Marthe Bjørhovde(K)
Stine O. Muri, Vilde Kroken, Kristine Gulbrandsen, Sanna Akselsen
Jenny Fylling, Nora M. Ferstad, Martine A. Olsen, Ellen Tafjord
Anna Brenne

Mål :
-1-0 75min. Sjølvmål.
-2-0 84min. Plamedie Bunto .
-2-1 90. Jenny Fylling.

Kampen :
Dessverre måtte vi pga skadar stille til kamp med kun 10 spelarar i Ulsteinvik onsdag.
Likevel var vi det førande laget i samtlege 90 speleminutt.
Etter ein litt rufsete start, så vart Fortunadominansen større og større utover i omgangen.
3 enorme målsjansar burde gjeve oss ei solid leiing til pause.
Hødd skapte kun eit par nestensjansar før pause på nokre overgangar.

Andreomgangen er ikkje veldig ulik førsteomgangen, vi har ballen det meste av tida mot eit lavtliggande heimelag,
men utanom eit par store sjansar, så slit vi med å bryte ned heimelaget.
Hødd på si side er farlegare på sine overgangar i andreomgangen og får ein stor målsjanse som endar i stolpe ut.
I kampens 75.min skårar Hødd 1-0 etter eit sjølvmål på corner.
Då må vi satse endå meir framover og ei Høddkontring nokre minuttar før slutt endar i 2-0 til heimelaget.
I det vi passerar 90 spelte minuttar får vi ei redusering ved Jenny, men det er for kort tid igjen til ein sluttspurt.
Då er det berre å løfte blikket opp og fram – denne kampen er historie, nye mulighetar kjem !
Magne

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund

Kategorier: Nyheter