FK Fortuna Ålesund – Vestsiden

Treningskamp

I dag tidleg var det klart for vår andre kamp her i Spania.  Motstandar var Vestsiden frå Bergen som spelar i 2.divisjon for fylka lengre sør om oss. Vi gjorde 7 endringar frå start frå matchen lørdag.

FAKTA :

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Lisa Raknes
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Helena Vattøy, Kristine Guldbrandsen
Mette Muri(K), Anna Fjørtoft
Kari Skovly, Birgitte Bjørlykhaug, Sara Fornes
Malin Sunde

Innbyttarar :
-22 min. Lisa ut(skade) og Marthe inn.
-46min. Malin og Cecilie ut og Oda Tennfjord og Camilla Smith Nilsen inn.
-60 min. Mette, Kristine og Birgitte ut. Stine Reite, Vivian Saadi og Ingrid Alnes inn.
-75 min. Kari ut og Ingrid Vatne inn.

Mål :
-0-1 51min. -0-2 84min.

KAMPEN :

Der vi lørdag spelte med stor energi og kraft, so virkar vi litt energilause i dag. Vi er det førande laget og det laget som prøvar å spele, men vi er alt for urolege og upresise med ball. Samstundes møter vi eit Vestsiden-lag som er fysisk sterke, direkte og kjempar knallhardt. Likevel må vi ta med at vi har dei fleste sjansane i kampen, men i dag er det vi som ikkje er dyktige nok i setje ballen i mål. Uansett, så er det viktig å få oppleve både oppturar og nedturar i ei sesongoppkøyring, so tek vi læring av det og jobbar på vidare. Seriestarten nærmar seg……..

For å få på plass humøret igjen før vi skal ha ein kjekk sosiale i kveld med underhaldning og god mat, so tek jentene seg ein tur på shopping medan trenarane legg seg i sola for å finpusse brunfargen ?


Sportsleg helsing
Magne Elde