Fortuna Hjørring – FK Fortuna Ålesund

Dana Cup
FINALE
28.07

Det var ei formidabel oppgåve vi stod over for fredag kveld framfor ca.1500 tilskodarar på hovudstadion
i Hjørring. Heimelaget Fortuna Hjørring mønstra ikkje mindre enn 7 aldersfastlagde spelarar frå start.

Slik starta vi i 4-2-3-1 :
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Oda Tennfjord og Ida Kroken.
Mette Muri(K) og Stine Reite.
Kari Skovly, Vivian Saadi og Katarina Sunde.
Malin Sunde.
Innbytte :
– 35min : Stine R ut og Anna Fjørtoft inn.
– 40 min : Kari ut og Ingrid inn.
– 45 min : Vivian, Ida og Stine M ut og Birgitte, Helena og Kristine inn.

Mål :
– 1-0 2 minutt.
– 2-0 9 minutt.
– 3-0 24minutt.

Kampen :
Ein fantastisk arena, ei fantastisk ramme og ikkje minst eit fantastisk godt fotballag
var premissane for det som møtte Fortuna Ålesund i finalen.
Kansje var vi framleis “sletne” etter ein tøff semifinale mentalt og fysisk, kansje vart vi for prega av stundens alvor, eller
kansje møtte vi rett og slett eit betre lag ?
Eg trur vi snakkar ei “god blanding”…..
Fortuna Hjørring køyrde kampen frå start, og vi hang rett og slett ikkje med på notane i starten og når
ein alt kjem under 1-0 etter berre 1 minutts spel, ja, då blir ei tøff utfordring endå tøffare.
Vi heng rett og slett ikkje saman som eit lag første delen av første omgangen, og betre blir det ikkje av at vi
også kjem for enkelt under 2-0 etter 9 minutt.
Frå benken må vi endre formasjon og flytte litt på spelarane for å prøve å få kontroll på kampen.
Dette lykkast vi bra med, og vi får også ein enorm sjanse til å redusere til 2-1, men Katarina si avslutning går stolpe ut.
Dessverre får vi 3-0 i fleisen rett før pause.
I pausa handlar det om strukturelle justeringar og ikkje minst stolthet. Vi skal reise opp og avslutte med flagget til topps !
Vi er veldig mykje betre i andreomgangen. Då har vi lagt litt av respekten igjen i garderoba og vi heng mykje betre saman som lag.
2 gigantiske mulighetar får vi også til å redusere, men vi klarar dessverre ikkje å vere giftige nok.
Ein jamn omgang endar mållaus og då blir det 3-0 siger til heimelaget.

Oppsummering :
Vi har hatt ei fantastisk veke i Danmark både sportsleg og ikkje minst sosialt !
Dei erfaringane og opplevelsane vi har hatt saman denne veka, er eg ikkje i tvil om at vil kunne løfte oss
inn i ein tøff og spennande høstsesong.
Vi har fått jobba mykje med vårt offensive spel, vi har fått oppleve presset i tøffe sluttspelskampar og vi har fått referansar
på kor nivået på dei beste norske og nordiske laga ligg.
Utanfor bana har vi budd tett på kvarandre og lært kvarandre endå betre å kjenne.
Eg vil takke alle som har bidrege både på og utanfor bana slik at dette har vore særs kjekt og lærerikt.
No kan eg nesten ikkje vente på at høstsesongen skal starte ! 🙂

#samhold #vilje #kvalitet #engasjement

Heile kampen kan du sjå på denne linken : https://www.facebook.com/danacuphjorring/videos/10154992532806795/

eller her:

 

Coach Magne