FK Fortuna Ålesund – KIL/Hemne
7.serierunde 01.06. Aker stadion.

Med ei fantastisk ramme på ei Aksla bada i sol og nesten 200 tilskodarar, så låg alt til rette for at det skulle bli ein ny fin Fortunadag.
Dessverre vart det heller det første serietapet på Aksla sidan 2016 sesongen.

Resultat : 1-2(0-1).
Gule kort : Ingen.
Dommar : Jan Helge Lund, Godøy IL.
Tribune : Ca.190 tilskodarar.

Mål :
-0-1 30min. Mette gjer eit feil valg og missar ballen til ein KH-spelar som fossar mot mål og spelar vidare til ei lagvennine. Ho skyt til slutt i mål frå 11-12 meter, sjølv om Marthe er nær å få stoppa skuddet.
-0-2 53min. KH får spelt seg fri nede på vår høgre side, og sjølv om vi er overtal 4 mot 2 i eigen boks, så blir vi ballwatching og ein KH-spelar får skåre upressa frå ca. 10 meter.
-1-2 80min. Vi gjennvinen ballen høgt i bana ved Ellijanne. Ho spelar ei kort pasning til Martine, som spelar vidare ut på kanten til Nora. Eit perfekt innlegg frå Nora ragar Solveig høgast på og heddar i mål via eiga skulder frå 5 meter.

Slik starta vi : 1-4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Kristine Gulbrandsen, Cecilie Otterlei, Mette O. Muri(K), Nora M. Ferstad
Oda S. Tennfjord og Amalie E. Sandvik
Kari Skovly, Solveig Engås, Ingrid Vatne
Anna Brenne

Innbytte :
-61min. Oda ut og Stine Reite inn.
-68min. Amalie ut og Ellijanne Anderson inn.
-73min. Ingrid ut og Martine A. Olsen inn.

Kampen :
Det er ein jamn og tett førsteomgang på Aksla lørdag.
Vi har eit lite overtak første delen av omgangen, før KH får eit lite overtak andre halvdel av omgangen.
Etter kun 5 minuttar får vi ein ok mulighet, då Anna kjeme til dørlinja og legge inn der Kari er på bakre stolpe.
Avsluttinga blir blokkert av KH. Det er i det store og heile veldig sjansefattig fram til 28 spelte minuttar, då Marthe må gjere ei god redning då ein KH-spel kjem åleine igjennom frå litt skrått hald.

Kun to minuttar seinare er dessverre 0-1 eit faktum, då vi gjere ein fatal feil på eigen halvdel, som bortelaget utnyttar nådelaust. Siste delen av omgangen fortsette med mest kjemping og kriging, der ingen av laga klarar
å etablere det heilt store spelet. Etter ein jamnspelt førsteomgang leiar bortelaget 0-1.

Andreomgangen er litt motsatt av den første – KH er beste første delen, medan vi er best siste delen av omgangen.
På sin einaste store målsjanse i andreomgangen, etter 53 spelte minuttar, så aukar bortelaget si leiing til 0-2.
Dei neste 10-15 minuttane er det bortelaget som har iniativet i omgangen, men utan å skape nokre klare målsjansar.
Siste 20-25 minuttane klarar vi å tilrive oss overtaket i kampen og skapar ein 3-4 bra mulighetar.
Etter ca. 75 spelte minutt blir vi snytt for eit klart straffespark(som videoen stadfestar), då Mette spelar ballen forbi sin spelar i boksen, men blir stempla på ankelen og går i bakken.
Etter 80 spelte minuttar, så heddar Solveig inn ei viktig redusering.
Utan at vi klarar å setje noko «stormløp» mot KH-målet, så kjem vi til nokre dødballar og ein god sjanse ved Kari då ballen fell i beina på ho litt skrått og frå 7-8 meter, men keeper reddar avsluttinga.
Til slutt ebba rein tett og sjansefattig fotballkamp ut med siger til bortelaget.

Kaptein Mette om kampen :
Vi kommer godt i gang og får presset K/H bak i banen fra start, men gir etterhvert fra oss initiativet og gjør igjen personlige feil som vi blir hardt straffet for.
Vi klarer aldri å jobbe oss inn igjen i kampen og det blir veldig mye en og en.
Vi har hatt fokus på å skape en god prestasjon i topp-kampene, noe vi ikke har lykkes med.
Det er skuffende når jeg vet hvor hardt vi jobber for å få det til. Samtidig så må vi gå i oss selv og steppe opp alle sammen- mest av alt meg.
Vi kommer sterkere tilbake!

Trenarkommentar :
Etter å ha vore ubesigra i seriespelet på Aksla sidan nedrykket til 2.divisjon i 2016, så kom altså det første tapet lørdag.
Vår prestasjon er på det jamne, KH- er ikkje klart betre enn oss, men dei er best i dei avgjerande fasane. Då vinne ein fortjent.

Igjen er det dessverre personlege feil som blir særs avgjerande for oss defensivt, samstundes som vi ikkje evnar å få til nok av det offensive spelet vi ynskjer.
Dessverre er realiteten no at vi er litt på «bakbeina» i forhold til toppkampen, men både i 2017 og 2018 har vi vore det same.
Mange kampar skal endå spelast og mange poeng skal delast ut, før ein får sluttstatusen i starten av oktober.
Vår reflektere og flotte kaptein, Mette, beskriv det på ein god måte i sin kommentar. Vi må alle steppe opp, sjå oss sjølve i spegelen, før vi leitar etter unnskyldningar andre stadar.
I dei tøffe og tette toppkampane treng ein leiartypar som står fram og viser sitt beste nivå – kven melder seg på og tek dette ansvaret ?
Lørdag var det dessverre for få, vi må sørge for at vi klarar å få fleire til å stå fram utover høsten.

No må uansett alt fokus vere på å slå tilbake mot Træff og avslutte vårsesongen med 3 poeng lørdag !

Andre kampar i helga :

  • Herd – Nardo, 7-1.
  • Trondheims Ørn 2 – Molde, 4-3.
  • Hødd – Træff, 4-4.

Tabell :

  • Molde FK, 6 kampar, målskilnad 18-6 og 15 poeng.
  • KIL/Hemne, 6 kampar, målskilnad 15-5, 15 poeng.
  • Fortuna Ålesund, 6 kampar, målskilnad 25-7 og 13 poeng.
  • Herd, 6 kampar, målskilnad 13-8, 11 poeng.
  • Trondheims Ørn 2, 5 kampar, målskilnad 14-13, 8 poeng.
  • Hødd, 7 kampar, målskilnad 11-19 og 8 poeng.
  • Træff, 6 kampar, målskilnad 12-12, 4 poeng.
  • Nardo, 5 kampar, målskilnad 6-22, 3 poeng.
  • Sunndal, 6 kampar, målskilnad 1-28, 0 poeng.

Siste seriekamp før ferien er borte mot Træff lørdag 15.juni. kl.14.00.

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund