Sunndal – FK Fortuna Ålesund

11.serierunde 2.divisjon.
Etter tapte poeng på Sunndalsøra lørdag, so må vi nok berre innsjå realitetane.
Det må skje ein total kollaps om Molde ikkje skal vinne serien og få muligheten til å spel om opprykk.

Tribune : Ca. 30 tilskodarar.
Dommar: Kurt Einar Ansnes(Kvass/Ulvungen FK).
Gule kort : Ingen.
Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Oda Tennfjord, Ingrid Alnes
Mette Muri(K), Ida Kroken
Camilla Smith-Nilsen, Katarina Sunde, Kari Skovly
Malin Sunde
Innbytte :
– 65min. Kari og Camilla ut og Ingrid Vatne og Vivian Saadi inn.
– 83min. Katarina ut og Nora M. Ferstad inn.

Slik kom måla :
– 1-0 11min. Omtrent første gang Sunndal er nær målet vårt, så skårar dei etter ei kontring der
vi ha fleire mulighetar til å stoppe den før dei kjem åleine med Marthe og set ballen i mål.
– 1-1 23min. Vi gjenvinne ballen høgt i bana og Ida spelar gjennom Katarina, som frå 13-14 meter og litt skrått
hald avsluttar i mål i lengste hjørne.
– 1-2 24 min. Vi vinne ballen lavt i bana og Cecilie søker Malin i bakrom med ei strålande pasning. Malin vel å dunke til
på halv volley frå 16-17 meter og litt skrått hald. Avslutninga er vakker i lengste hjørne !
– 1-3 30min. Marte fangar ballen i eigen 16 meter, set raskt i gang på Camilla som spelar opp i beina på Malin. Camilla fortsett løpet sitt og blir brukt av Malin. Camilla fossar mot dørlinja, og slår strålande 45 grader ut til Mette som frå 7-8 meter set ballen sikkert i mål i lengste hjørne.
– 2-3 44min. Sunndal skyt ei frispark rett i mål i frå ca. 25 meter.
– 2-4 63min. Malin blir spelt igjennom åleine med keeper som reddar. Ballen går ut igjen til Katarina på 20 meter, ho slår
ein tunell på forsvarsspelaren, før ho dunkar ballen i mål i lengste hjørne med venstrefoten. Vakkert !
– 3-4 64min. Igjen blir vi tekne på ei kontring, og skuddet frå skrått hald får ikkje Marthe nok fingrar på og den snik seg i mål ved lengste stolpe.
– 4-4 85 min. Vi lagar eit ev mange unødvendige frispark på ca. 50 meter. Sunndal slår langt inn i vår boks, der vi tapar duellane og
ein Sunndal spelar får til slutt satt ballen i mål.

Kampen :
Vi tek tak i kampen frå første spark på ballen og etter berre eit par minuttar får vi ein enorm dobbelsjanse ved Malin, som tidlegare Fortunakeeper Ine Otnes reddar begge gangar. Vi fortsette å styre kampen, men på omtrent første gang bortelaget er nær målet vårt er vi under 1-0. Vi let oss ikkje knekke av dette dette og fortsette å styre kampen og trykke på for mål. Etter ca. 20 spelte minutt får vi ein enorm trippelsjanse med Katarina i sentrum, der ballen blant anna blir redda på streken 2 gangar og det er heilt ufatteleg av ballen ikkje går i mål. I den samme perioden er Sunndal på ein farleg visitt på ein kontring, men Marthe ryddar opp med ei god redning.
Kun få minutt etterpå vil ballen endeleg i mål, og i løpet av 6 minutt har vi snudd kampen frå 1-0 til 1-3 i det klokka viser 30 spelte minutt. Resten av omgangen styrer vi og bør punktere kampen !
Like før pause får Sunndal frispark på ca. 25 meter. Frisparket blir satt i mål og laga går til pause med 2-3 til Fortuna.
Resultatet til pause er flatterande for heimelaget etter spel og sjansar, men det er måla som tel.
I pausa er vi einige om å bygge vidare på alt det positive offensivt, samstundes som vi må juster oss defensivt i forhold til balanse og råskap i eigen boks.

Andreomgangen fortsette eigentleg i same spor som førsteomgangen, der vi styrar det meste. Vi får også eit par nye og enorme målsjansar, som vi ikkje set i mål. Sunndal har lite å by på i starten av omgangen framover. Etter 63 minutt skal endeleg 4-2 vere eit faktum etter ei fantastisk flott skåring av Katarina.
Akkurat då, var det ingenting, absolutt ingenting som tilsa at vi ikkje skulle kunne dra denne sigeren med heim.
Det er ofte kort tid mellom glede og skuffelse i fotball. Berre vel minuttet etter vår leiing så surrar vi det igjen til for oss sjølve og inviterar Sunndal med inn igjen i kampen og 3-4 er eit faktum.
Dei siste 20 minuttane er det framleis vi som har mest ball, men heimelaget flyttar seg litt høgare opp i bana. Då evnar vi dessverre ikkje ofte nok å lese klimaet i kampen og gjere dei gode vala ut i frå det. Vi spelar ofte på oss unødvendige brudd, og balansen i laget er alt for ofte ikkje god nok. Samstundes pådreg vi oss gang på gang unødvendige frispark, noko som gjere at Sunndal kan lempe ballen inn i vår boks. 5 minutt før slutt gjev dette resultat, og stillinga er 4-4.
På overtid får vi ein ny stor sjanse til å ta med oss tre poeng heim, men Ingrid V sitt raid og skudd får keeper so vidt fingertuppane på, og skuddet går på innsida av stolpen og ut.

Kva skal ein seie om dette ?
Min skuffelse er enorm etter denne kampen, ein av dei definitivt største nedturane mine på fotballbana.
Vi tapte ikkje berre viktige poeng i går, vi tapte nok også muligheten for å kjempe om opprykk til 1.divisjon.
Difor blir skuffelsen ekstra tung å svelge, når det ein har jobba ekstremt hardt for og mot gjennom heile året no kun er ein liten usannsynleg sjanse for å oppnå.
Akkurat no, framleis eit døgn etter kampen er det vanskeleg å finne dei rette orda.
Realiteten kjem vi likevel ikkje i frå, dette tek nok Molde heim !
Vi må prøve å nullstille og ta fatt på ei ny treningsveke med ny giv, då det alt onsdag er ein ny viktig kamp då
Kaupanger er motstandar på bortebane i J19 NM.

Magne

Kategorier: Nyheter