KIL/Hemne – FK Fortuna Ålesund
14. serierunde Hemne Sparebank Arena 08.09.18.

Det vart klart for toppkamp mellom nr.1 og nr. 2 på tabellen,
divisjonens to beste lag skulle i aksjon. Vi forventa ein tett og intens
fotballkamp, det skulle det då so absolutt bli.

Resultat : 2-1(1-0).
Gule kort : Ingen.
Dommar : Thorstein J. Venæs, Trond IL.
Tribune : Ca. 150 tilskodarar.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Josefine Ervik
Stine O. Muri, Cecilie Otterlei, Helena L. Vattøy, Nora M. Ferstad
Mette O. Muri(K) og Ida Kroken
Kari Skovly, Solveig Engås, Ingrid Vatne
Vivian Saadi

Innbytte :
– 16min. Solveig Engås ut og Stine Reite inn.
-58min. Vivian Saadi ut og Daniela D. Gudnadottir inn.
-70min. Ingrid Vatne ut og Vivian Saadi inn igjen.
-75min. Stine Muri ut og Henrikke Nørve inn.

Henrikke Andre Nørve fekk sin redebut i Fortunadrakta i denne kampen.
Solveig Engås fekk eit kutt over auge og måtte til sykehus og sy 10 sting.
Kampen vart stoppa i over 15 minutt pga skaden til Solveig og K/H-spelaren.
Heldigvis er Solveig alt tilbake i full trening, og det går fint med K/H-spelaren 😊

Mål :
– 45(+10)min. Vi tapar eit par duellar sentralt i bana, og plutseleg er ein
K/H-spelar åleine med Josefine og skårar.
-54min. På eit innlegg der vi er i overtal og bør ha kontroll, så gleppe vi i markeringane
og då blir det nytt mål i mot.
-82min. Etter ein corner spelar Daniela ballen på tvers på 20 meter. Vivian skyt ballen i mål
i lengste hjørne i ein perfekt bue over keeper.

 

Kampen :
Ein tett og tøff fotballkamp, utan noko form for finspel frå noko av laga si side.
Kampen er nesten fri for store målsjansar. Utanom måla har heimelaget ein stor målsjanse,
medan vi har litt fleire nestensjansar enn heimelaget.
Heimelaget er eit lite hakk betre enn oss før pause, medan vi er best etter pause.
Spesielt dei siste 15-20 minuttane trykker vi veldig på, ekstra etter reduseringa vår,
men vi klarar ikkje å komme til dei klare målsjansane.
Totalt sett er det ikkje noko å seie på at heimelaget vinne kampen til slutt.

Kaptein Mette om kampen :
Et skuffende resultat og en svak prestasjon oppsummerer vel godt bortekampen lørdag.
Vi har erkjent at prestasjonen ikke har vært gode nok i det siste. Vi har hatt ein god dialog på treningen i dag og nå er det ei samla spillergruppe og trenerteam som virkelig ønsker å snu dette.
Vi skal jobbe steinhardt på treningsfeltet fremover, og vi ser allerede frem til å vise oss fra ei bedre side førstkommende lørdag.

Trenarkommentar :
Dessverre leverte ikkje vi på det nivået vi hadde håpa og trudd på.
Vi vart kjempa og duellert ut av stilen, heimelaget viste større vilje til
å vinne dei viktige duellane enn oss. På tross av dette var dette ein heilt jamnspelt
fotballkamp, men dei viktigaste duellane vann heimelaget.
Vi har ikkje prestert godt nok i det siste, heller ikkje i denne kampen.
Det er sjølvsagt kjedeleg, veldig kjedeleg.
No er det KIL/Hemne som er i førarsetet, og vi må kun ha fokus på å
forbetre våre prestasjonar og ta ein kamp om gangen. Tabellen er berre å gløyme !
Eg har gjort ein feil, eg skylda på spelarane i smp i helga. Det er spelarane som
spelar kampen og som må levere ute på bana, men som
hovudtrenar er det ALLTID mitt ansvar både i med og motgang – det spring eg ikkje i frå.
Etter gode og konstruktive dialogar på treninga i kveld, så ser vi alle opp
og fram. No skal vi ha ei god treningsveke og glede oss til kamp mot
Orkanger på heimebane lørdag.

Magne