Trondheims Ørn 2 – FK Fortuna Ålesund

13.serierunde 08.09. Koteng Arena.

Seriespelet går mot slutten og den tøffe kampen i toppen betyr at ein må skaffe seg resultat i kva kamp.

Vi er i strålande form og tok med oss ei stor tru på ein god prestasjon og resultat inn i den tøffe bortekampen.

Resultat : 4-3(1-1).
Gule kort : Stine Reite og Kristine Gulbrandsen + 1 til Ørn 2.
Dommar : Sigurd Harby, Freidig SPK.
Tribune : ca. 50 tilskodarar.

Mål :
1-0 7min. Etter eit innlegg frå vår venstreside, så prøvar vi å gjenvinne høgt. Vi har nok folk og er i klart overtal
defensivt, likevel får Ørn spelt fri Abdserø som til slutt skårar åleine med keeper.

1-1 13 min.  Årets angrep !? Vi startar bak med Marthe via Cecilie som spelar opp på feilvendt Kari på midtstreken. Ho legge inn til Oda, som slår strålande ut på Mette som har kome seg fri ute på høgresida. Mette ser Anna på løp i boks og innlegget heddar Anna vakkert i mål frå 7-8 meter bak ein sjanselaus Ørn-keeper.

2-1 55min. Eit langt utspel frå Ørn sin keeper missar vi dessverre på, slik at Abdserø igjen får komme åleine med keeper, og i det ho kjenner litt kontakt frå Cecilie legge og seg i bakken og får straffe som ho set sikkert i mål.


2-2 68min. Nora slår ein perfekt innoverskrudd corner som går rett i mål etter stort trykk frå oss rundt Ørn-målet.


3-2 79min. Vi «sove» på eit Ørn-kast nede i hjørnet. Ein Ørn-spelar kjem seg fri på dødlinja og legge ut i feltet der vi blir passive og Gashi skyt i mål i hjørnet frå 13-14 meter.


3-3 86min. Igjen viser Nora fram sin fantastiske dødballfot og leverar sitt målpoeng(mål eller assist) nr. 18 for sesongen(som venstre back !!!). Frå ca. 27-28 meter og litt skrått hald, slår ho eit perfekt korridorfrispark mot bakre stolpe.
Vi trykker med mykje bevegelse framfor målet og ballen treffe perfekt 4-5 meter frå mål streken og sprett inn i lengste vinkel.


4-3 88min. Etter mykje «surr» utanfor vår eigen 16 meter halvklarerar vi rett i beina på ein Ørn-spelar( i offside-posisjon, men ballen kjem frå oss) på hjørnet av 16 meteren. Ho utfordrar og blir felt – straffe. Ørn set straffa sikkert i mål.

Slik starta vi : 1-4-3-3.
Marthe Bjørhovde
Kristine Gulbrandsen, Cecilie Otterlei, Stine M. Reite, Nora M. Ferstad
Mette O. Muri(K), Oda S. Tennfjord, Agata Droździk
Kari E. Skovly, Anna Brenne, Solveig Engås

Innbyttarar :
-70min. Oda ut og Ingrid Vatne inn.

Kampen :
Dette er ein kamp som har det meste ein kan ynskje seg av ein fotballkamp som ein nøytral tilskodar. To gode lag som vil spele fotball, gode enkeltspelarar med ferdighetar, høg intensitet og temperatur.
I førsteomgangen er det Ørn som har ballen litt meir enn oss, men det skapar ikkje veldig mykje framfor vårt mål utanom skåringa. Vi varierar godt i presset vårt, både i forhold til å stå høgt i bana og ligge lavt og kompakt.
Det er vi som har dei to største sjansane utanom måla i omgangen, for i tillegg til å skåra eit vakkert mål har Anna to store sjansar. Den eine avslutninga smelle i stanga.

Ein jamn førsteomgang der som sagt Ørn har litt meir ball, medan vi har dei største sjansane.

Stort og konsturktivt engasjement i pausepraten, der vi også er einige om kva som må til for å få med seg poeng tilbake til Sunnmøre.

Var førsteomgangen hendelsesrik, så er det nesten ikkje «pusterom» etter sidebytte. Vi har meir ball og skapar 7-8 store målsjansar. Dessverre for oss gjere vi også enkel feil bakover i bana, noko som gjere at vi må «jage» kampen, då vi er under i målprotokollen gang på gang.

Vi slår tilbake heile tre gangar i denne kampen, men dessverre gleppe poenget like før slutt. Til tross for ein meget god prestasjon og klart flest store målsjansar i kampen, så må vi reise heim til Ålesund utan poeng – bittert !

Kaptein Mette om kampen :
Det var en kamp som inneholdt det meste. To lag som ønsket å spille fotball og angripe. Vi skaper mange store målsjanser og ruller opp mange fine angrep. Når du scorer tre mål på bortebane burde det minst holde til å ta med seg poeng, men vi slipper inn en del unødvendige og «lette» mål. Selv om det ikke ble poeng, gjør vi en god kamp og viser igjen at vi er i god form. Vi skal ta med oss prestasjonen inn i treningsuka og sørge for en like god prestasjon mot Molde.

Trenarkommentar :
Eg er ikkje i tvil – dette var årets beste kamp av oss !
Ein må alltid sjå på motstandaren og kva ein sjølv presterer når ein skal vurdere dette, og Ørn-laget vi møtte søndag ville ha gjort det godt i 1.divisjon damer. 7 spelarar med aldersbestemte kampar frå start, over 250 kampar i Toppserien til saman på start 11àren og ein haug med kampar i 1.divisjon på nokre spelarar. Vi møtte det suverent sterkaste laget Ørn 2 har stilt i år. Då vi likevel skapar flest målsjansar og periodevis spelar meget god fotball, då kan ein ikkje anna enn å hylle prestasjonen ! Splargruppa legge ned ein formidabel jobb mot ein særs sterk motstandar og viser igjen at vi har spennande kvalitetar i laget.
Likevel «hjelpe» det lite når vi står utan poeng til slutt, no ligge vegen open for Molde og KIL/Hemne til å sikre seg seriegullet.

Vi gjev sjølvsagt ALDRI opp – vi vinne og tapar saman, for oss handlar det om å fortsette den store utviklinga vi har i laget for tida og gjere det vi kan i kvar kamp.
Vi legge ned ein enorm laginnsats søndag frå heile gjengen både på og utanfor bana !

No skal vi la Molde få gjennomgå – lørdag skal vi vise kven som er best i fylket !

Resultat i helga :
KIL/Hemne – Sunndal, 3-0.
Molde – Hødd, 8-2.
Træff – Herd, 0-1.

Tabell :

Nr.LagKamparMålskilnadPoeng
1Molde1240-1129
2KIL/Hemne1233-729
3Fortuna Ålesund1360-1428
4Trondheims Ørn1238-1424
5Herd1327-1923
6Hødd1317-5012
7Træff1218-327
8Nardo129-524
9Sunndal136-493

Neste kamp for Fortuna er heime mot Molde lørdag 14.september kl.14.00.

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund