FK Fortuna Ålesund – Orkanger
15. serierunde Aksla stadion 15.09.18.

Etter ein skuffane periode og to kampar på rad utan siger,
så var det ein revansjelysten Fortunagjeng som var klare til kamp.

Resultat : 5-1(3-1).
Gule kort : Ingen.
Dommar : Ane S. Dimmen, Volda TIF.
Tribune : Ca. 40 tilskodarar.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Kristine Gulbrandsen, Cecilie Otterlei, Helena L. Vattøy, Vilde Kroken
Mette O. Muri(K) og Stine Reite
Daniela D. Gudnadottir, Solveig Engås, Kari Skovly
Vivian Saadi

Innbytte :
– 56min. Helena Vattøy ut og Ellijanne Andersson inn.
-56min. Kari Skovly ut og Ingrid Vatne inn.
-65min. Solveig Engås ut og Henrikke Nørve inn.
-75min. Stine Reite ut og Stine Muri inn.

Henrikke Andre Nørve fekk i dag sin 50 offisiele kamp for klubben,
då ho kom på bana i andreomgangen.
Vilde Kroken debuterte i dag frå start for klubben, og spelte solide
90 minutt for første gang i si Fortunakarriere.

Mål :
– 1-0 1min. Kristine kastar i beina på Vivian, ho vendar opp og spelar Solveig
åleine med keeper. Ho set ballen lett mellom beina på keeper etter 53 spelte sekund !

-2-0 3min. Eit flott etablert angrep der Mette trer igjennom Kristine som har kome opp
frå høgrebacken. Ho slår eit fint innlegg inn langs bakken der Solveig kan setje ballen i mål
kontrolert frå 5-6 meter.

-2-1 45(+1)min. Vi spelar på oss eit balltap, blir kontra på og ein Orkanger set ballen i mål
i nærmaste hjørne.

-3-1 45(+2)min. Vi slår tilbake direkte og no er det Vivian som kjem seg fri nede ved dørlinja og legge
inn framfor mål, der Solveig igjen er på rett plass og skårar sikkert.

-4-1 52min. Nytt godt etablert angrep, der Daniela blir spelt fri på kant. Hennar innlegg går gjennom feltet
til Kari, som spelar ballen inn igjen framfor mål der Vivian puttar den i nettet frå 3-4 meter.

-5-1 58min. Cecilie får rom og plass og forserar oppover i bana og skyt frå 22-23 meter.
Keeper gjev retur, der Solveig nok ein gang er på plass og skårar sitt 4. mål.

Solveig skåra i dag sitt første Fortunamål, fortsatte med hattrick og stoppa først etter sitt 4.mål !
Ho stoppa ikkje frivillig, for pga. litt trøbbel med skaden frå forrige kamp, gjorde at ho måtte
av bana etter 65 spelte minuttar.

 

Kampen :
Frå start i dag var det ingen tvil, og etter kun 53 sekundar(iflg Ronny si klokke), så var ballen
i nettet bak Orkanger sin keeper. Det stoppa ikkje der, då det ikkje var spelt 3 minuttar før
ballen igjen var i nettet og 2-0 leiing eit faktum. Ein perfekt start !
Etter ca. 10 spelte minutt blir ein Orkanger-spelar skada i kneet og det blir stopp i spelet
i nokre minuttar. Det «drepe» nok litt av trykket i spelet vårt.
Likevel styrar vi det meste før pause og kan fort putte nokre fleire mål.
Orkanger har ein sjanse utanom skåringa, men då er Marthe fint ute og reddar.
Først i sluttminutta av omgangen blir det igjen skåringar, først då vi litt enkelt
gjev bortelaget ein skåringsmulighet som dei reduserar på. Direkte etterpå
slår vi tilbake med Solveig sitt 3. mål før pause.

Starten av andreomgangen er omtrent som starten på kampen. Vi tek tak direkte,
og skårar to nye mål før det er spelt eit kvarter av omgangen.
Vi leiar 5-1 etter 58 spelte minutt.
Med det utgangspunktet håpar ein sjølvsagt å rulle inn eit par mål til den siste
halve timen, men vi blir litt for upresise i dei avgjerande situasjonane og Orkanger
jobbar og forsvarar seg godt.
Uansett har vi full og total kontroll og Orkanger er knapt nære målet
vårt i andreomgangen i dag.

Kaptein Mette om kampen :
Endelig seier igjen og tre deilige poeng! Vi styrer det meste fra start til slutt og spiller periodevis god fotball.
Vi har fortsatt litt å gå på når det gjelder å være presise og nøyaktige i det vi gjør, men alt i alt en god kamp.
Nå rettes blikket frem mot neste helgs lokaloppgjør mot Herd. Vi gleder oss ! 😊

Trenarkommentar :
Etter ein litt tung periode, så smakar det fantastisk godt å vere tilbake på vinnarsporet !
I dag er vi på frå start, og det gjev oss ein perfekt inngang i kampen.
Mykje positivt i forhold til dei tinga vi saman har jobba med denne veka, så er det alltid slik
at alt fiksar seg ikkje på ei veke, men vi må ta ting steg for steg.
Dette var eit godt steg i rett retning !
Fleire solide spelarprestasjonar i dag, og som lag så gjere vi veldig mykje rett.
Orkanger kjem frå ein sterk 5-1 siger mot Byåsen 2 og eit knepent 2-1 tap mot
Trondheims Ørn 2, så Orkanger er absolutt ingen «kasteball».
Etter denne prestasjonen, så kan vi gå inn i ei ny treningsveke med positivitet og
jobbe vidare med å utvikle oss. Då skal vi framstå endå sterkare neste helg.

Andre kampar i denne runda er :
Trondheims Ørn 2 – Herd, 1-0.
Sunndal – Molde, 1-3.
Byåsen 2 – Surnadal, søndag.
Nardo – KIL/Hemne, søndag.

Neste kamp er lørdag 22.september kl.13.00 borte mot Herd.

Magne