Jobben med spelarloggistikk og å få på plass ein slagkraftig og god spelarstall for AAFK Fortuna i 2020 har pågått over tid. Vi er no særs glade for å prestentere to nye spelarar som begge har representert Norge på aldersbestemte landslag.

Benedicte Lund Berge er 2003 modell og kjem frå Blindheim Fotball.
Ho har spelt heile si karriere for Blindheim i aldersbestemt og på damelaget i 3.divisjon i år.
10 landskampar har ho til no fått spele for Norge på J15 og J16 nivå.
Benedicte er ein spennande keepertype som har gode basisferdighetar, er ein moderne keeper og har gode og ambisiøse haldningar.

Benedicte seier følgande om overgangen :
Eg vil takke Blindheim for all den gode oppfølginga eg har fått frå klubben og trenarar og eg kjem til å savne det flott miljøet. No ser eg fram til å bli ein del av AAFK Fortuna og utvikle meg vidare for å nå mine mål i framtida, i eit sterkt og ambisiøst utviklingsmiljø.

Helle Olsen Rindal er 2004 modell og kjem frå SK Guard.
Ho har spelt heile si karriere for Guard i aldersbestemt, i år for J16 og G16.
3 landskampar har ho til no fått for Norge på J15 nivå.
Helle er ein spennande forsvarspelar som har ein x-faktor med sin store fart. I tillegg har ho gode ferdighetar som førsteforsvarar og er ei utviklingsorientert og ambisiøs jente.

Helle seier følgande om overgangen :
Eg har hatt det fantastisk i Guard og hatt mange flinke trenarar. Tusen takk for det !
No gledar eg meg til å ta steget vidare til AAFK Fortuna og utvikle meg vidare for å nå mine mål med fotballen.

Vi takkar klubbane for velvilje og godt samarbeid ved overgangane. Vi skal gjere vårt beste for å utvikle spelarane vidare på ein god måte, seier dagleg leiar Eirik Hoseth.

AAFK Fortuna skal vere eit klart alternativ for dei beste unge spelarane på Sunnmøre, og vi er veldig stolte over å få med oss desse to unge og dyktige fotballjentene !

Vel å merke seg er at Blindheim Fotball er gjennom det siste tiåret, den klubben som har levert klart flest spelarar til Fortuna Ålesund.

Velkommen til klubben, Benedicte og Helle 😊

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund

Kategorier: Nyheter