Før høstsesongen brakar laust lørdag, så har vi henta inn to unge og spennande spelarar til klubben.

Kristine Gulbrandsen og Nora Myklebust Ferstad, er begge i første omgang henta inn på lån i 1 månad fram
til overgangsvinduet stenger 1.september.

Kristine Guldbrandsen er 02 modell og kjem frå Skodje IL.
Kristine er ein av dei mest spennande 02-modellane på Sunnmøre og var vore fast på krets og fylkeslag.
Ho har også delteke på landslagssamlingar.
Kristine har vore på lån hos oss også tidlegare i år, med spel i både J19 NM og senior NM.
Ho har også vore med oss både til Spania på treningsleir og sist på Dana Cup i sommar.
Som spelar er ho rask, er sterk i duellspelet og har ein bra basis. Ho er også svært lærevillig og tek instruksjon og rettleiing raskt.


Nora Myklebust Ferstad er 01 modell og kjem frå Blindheim IL.
Nora har også hospitert med oss i vinter og vår, men har periodevis vore ute med skade i vårsesongen.
Ho har også våre bankers på kretslag og delteke på fylkessamlingar mange gangar.
Nora har ein meget god venstrefot, har gode basisferdighetar og er ein kreativ og fotballklok spelar.

Vi ser veldig fram til at desse to jentene skal bli ein del av vårt lag og kunne bidra til deira vidare utvikling.

Nora er med i troppen mot Volda i morgon, medan Kristine er uaktuell pga. at ho deltek på SFK sin talentleir i helga.

Velkommen til Fortuna, jenter ! ?

Magne Elde