Foto: Frode Ose

 

FK Fortuna Ålesund har i over 20 år vore damefotballen sitt flaggskip på Sunnmøre og saman med dei lokale breddeklubbane fostra mange landslagsspelarar og toppspelarar.

                Det har vi ambisjonar om å fortsette med i framtida også !

For å ha oversikt over dei beste og ivrigaste jentene, men like mykje for å stimulere dei til utvikling og fotballglede i eigne klubbmiljø, so køyrer vi i juni to samlingar på Aksla stadion.
I samband med Orkangerkampen lørdag vart den første samlinga gjennomført. Først prata underteikna om kva krav og kva forventningar ein har til ein Fortunaspelar, og kva som må til for å bli best. Viktige stikkord her er : mentalitet – kultur – utvikling.

Foto: Frode Ose

Etter dette var det klart for ei god treningsøkt på Akslagraset, der det var stor intensitet og mykje gode ferdighetar å sjå.
At der er mange unge spennande fotballjenter på Sunnmøre og vårt nærområde er det ikkje tvil om.
Då treninga var vel gjennomført fekk jentene lunsj, før Malin, Mette og Stine R stakk innom og prata litt om korleis det er å vere Fortunaspelar.
Mange av jentene vart igjen for å sjå Fortuna sin kamp til slutt.
Vi takkar for ei flott samling og gledar oss til neste lørdag 24.juni.

Sportsleg helsing:
Magne