FK Fortuna Ålesund – Hødd
Kvalifisering J19 NM 16.03.18

Tribune : Ca. 30 tilskodarar.

Dommar : Inge Andersen, Aafk.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei(K), Vilde Kroken, Kristine Gulbrandsen
Eva Hormazabal, Nora M. Ferstad
Line Magerholm, Martine A. Olsen, Kari Skovly
Vivian Saadi

Innbytte :
– 60min. Line ut og Frida Hareide inn.
– 80min. Stine ut og Line inn igjen.

Frida Hareide spelte sin første kamp i Fortunadrakta i dag, og trengde berre eit par minutt på bana før ho banka inn sitt første Fortunamål ?

Slik kom måla :
– 1-0 15min. Kari vinne ballen høgt i bana og fossar inn i feltet der ho spelar ballen
På tvers til Vivian som berre kan rulle ballen enkelt i mål.

-2-0 46min. Vi vinne igjen ballen høgt i bana og Martine spelar gjennom til Vivian
som skårar sikkert.

-3-0 49min. Vi rullar opp eit nytt angrep der Nora trer ut på kant til Kari.
Ho set på turboen og fossar inn i feltet og dunkar ballen i mål i nett-taket frå skrått hald.

-4-0 62min. Vi køyrer ein strålande overgang der Martine spelar glimrande vidare til Frida,
som skjer inn frå kanten og åleine med keeper avsluttar kontant i lengste hjørne.

-5-0 73min. Vi leverar eit flott etablert angrep der Eva trer ut til Frida på kanten,
som slår eit godt innlegg lang bakken som Vivian kastar seg fram på og set i mål.

-6-0 80min. Igjen eit godt etablert angrep som endar på kant ho Kari. Ho slår eit godt
Innlegg mot bakre stolpe der Frida dunkar til på volley og ballen susar i mål.

Kampen :
Utan å overdrive – dette var total overkøyring frå start til slutt !
Eg synst vi i store periodar er meget gode i dag, og leverar mykje god
offensiv fotball samstundes som vi har 100 % defensiv kontroll.
Vi har truleg ballen i over 90 % av tida, og let skjeldan Hødd få ha den mange trekk i laget
før vi vinne vinne den tilbake. Vi skapar totalt ca. 18 store målsjansar i kampen, og det einaste
minuset i kveld er vel at vi burde putta nokre fleire mål.
Hødd på si side gjere sitt beste og står på, men vi er rett og slett fleire klassar betre.
Det første og einaste skuddet frå Hødd på mål i kampen kjem etter 83 spelte minutt,
rett i klypene til Marthe fra langt hald.
Gode prestasjonar frå samtlege spelarar i dag i kulden på ei flott Vikabane.
Vi skal rett og slett vere godt nøgde med kveldens prestasjon og 6-0 siger ?
Sigeren i kveld gjere at vi alt er kvalikk-vinnarar og klare for 1. offisielle
NM-runde alt før vi spelar siste kamp i kvalikken.
Den går borte mot Sykkylven onsdag 11.april.

Sportsleg helsing
Magne Elde