Då er vi ferdige med den første månaden i sesongoppkøyringa 2017.
Før vi starta opp 2.januar brukte eg tida fram mot oppstart til å glede meg.
Glede meg til å kvar dag jobbe med dedikerte fotballspelarar,
som ynskjer å utvikle seg og som ofrar mykje for å ta nye steg.

Etter 1 månad i jobben har eg ikkje akkurat blitt skuffa, men heller berre fått
bekrefta kor ufatteleg heldig eg er som igjen får vere tilbake som Fortunatrenar.
Spelarane har lagt ned ein stor jobb i januar, og veke for veke kan vi tydeleg sjå klar framgang
på dei temaane vi har sete fokus på i denne perioden.

Fysisk form, 1.F(førsteforsvarar) og omstilling har vore nøkelpunkta vi har jobba etter i denne perioden.
Spelargruppa ligge stort sett på ein stad mellom 6-9 økter i denne perioden, og det er klart at med ein krevjande
studiekvardag i tillegg, so vil og er belastninga på kvar enkelt spelar stor.
Nokre tunge bein er det nok både seint og tidleg, men som spelarutvalet slo fast på møtet med trenarteamet i går :
Det er dette som krevst og må til !

Etter hektisk jobbing med spelarstallen både før jul og no ut i januar, so er spelarstallen no på plass.
Spelarstallen består no av 19 spelarar(17 utespelarar + 2 keeperar).

Desse spelarane er av ulike grunna ikkje med i 2017 :
– Iselin Bjerkeli Krohn, Siri Flem Hansen, Julianne Ulvestad og Eva Hormazabal.
Vi takkar dei alle for gode bidrag i Fortunadrakta i denne omgang !
Marthe Bjørhovde, Birgitte Bjørlykhaug og Ingrid Vatne er nye Fortunaspelarar for 2017, og
allereie no så er dette jenter som har vist oss at dei vil bli positive bidragsytarar for klubben i år.

Vi har no ein solid og jamn spelarstall, der samtlege konkurrerar om ein plass på laget og vil kunne
gå inn å gjere ein solid jobb for oss i 2.divisjon. Vi håpar og trur at den tette og tøffe konkurranse skal
bidra til at fleire tek store steg og utviklar seg i 2017.
Vi er kontinuerleg på jakt og ser på kortsiktige og langsiktige forsterkningar for laget, men vi er
strålande fornøgde med den gjengen vi no har på plass for 2017.
Katharina Sunde er ute heile vårsesongen med korsbandskaden ho fekk i fjor haust, men “Katta” legg
kvar dag ned ein stor innsats for å komme tilbake på fotballbana sterkast mogleg, og vi trur og håpar ho kan vere eit
viktig kort i erme for oss til haustsesongen.

Vi har fått på plass eit godt opplegg med treningskampar fram mot sesongstarten, og første testen blir mot
Blindheim G16 fredag 10.februar kl.17.00.på Blindheim idrettspark.
Eg gledar meg til fortsettelsen ?

Sportsleg helsing
Magne Elde

Kategorier: Nyheter