Treningskamper 2019

EMAIL
Facebook
Facebook
INSTAGRAM

Fortunagjengen er alt godt i gang med sesongoppkøyringa for 2019.
Forrige helg hadde vi ei flott kick off-samling i Stordalen.

I forhold til treningskampar, så er kabalen no omtrent i boks og vi
har fått satt saman ei spennande oppkøyring.

Første kampen i 2019 blir mot Molde i Sparebanken Møre Arena
lørdag 2.februar kl.14.45.
Ellers står blant anna ein Oslotur på programmet og det blir treningsleir til Tyrkia.
Det er litt spesielt i år at vi har 1.serierunde borte mot Herd før påske – lørdag 13.april.
Det betyr at vi truleg spelar ein seriekamp, før vi reiser på treningsleiren.
Vi jobbar med å fastsette datoen for denne kampen.

Slik ser oversikta ut :
Lørdag 2.februar kl.14.45 : Molde(2.divisjon) i Sparebanken Møre Arena.
Onsdag 6.mars kl.18.15 : Herd(2.divisjon) på Amfi Moa stadion.
Fredag 15.mars kl.18.30 : Grei(1.divisjon) på Grei kunstgras.
Søndag 17.mars kl.13.00 : Kongsvinger(2.divisjon) – bane uavklart.
Lørdag 23.mars kl.14.00 : Kaupanger(1.divisjon) i Stryn.
Lørdag 30.mars kl.16.30 : KIL/Hemne(2.divisjon) i nye hallen på Kyrksæterøra.
Søndag 31.mars kl.12.30 : Strindheim(3.divisjon) i nye hallen på Kyrksæterøra.
Onsdag 10.april – onsdag 17.april : Treningsleir i Side Tyrkia.
Her kan det bli 1-2 kampar.
Seriestart borte mot Herd – dato ikkje fastsatt !

I tillegg vil det komme inn eit par kampar mot G16 lag i februar.

Vi ser fram til eit spennande 2019 på fotballbana 😊

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund

Hjelp oss å spre budskapen! Lik oss! Del oss!