Fortunagjengen reiste fredag til Trondheim for å ha ei kamphelg mot god motstand. Lørdag stod 1.divisjonslaget Byåsen på motsatt banehalvdel, medan ein av våre tøffaste motstandarar i 2.divisjon,Trondheims Ørn 2, var motstandar søndag.

Byåsen – FK Fortuna Ålesund
Treningskamp Byåsen Arena 03.03.18

 Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Helena Vattøy, Kristine Gulbrandsen
Mette Muri(K), Ida Kroken
Kari Skovly, Vivian Saadi, Ingrid Vatne
Katarina Sunde

Innbytte :
– 62min. Stine, Cecilie, Ida, Ingrid og Vivian ut.
Oda Tennfjord, Nora Ferstad, Camilla Smith-Nilsen, Eva Hormazabal og Anna Fjørtoft inn.

Mål :
– 1-0 5min.
– 2-0 7min.
– 2-1 61min. Vivian(Helena).
– 2-2 65min. Katarina(str.)(Kari).

Kampen :

Vi får ein verst tenkeleg start på kampen, då vi alt etter 8 minuttar er under 2-0. Vi veks oss gradvis inn i kampen utover i omgangen og skapar mange store målsjansar til å redusere.  Likevel er det heimelaget som kan ta med seg ei litt flatterande leiing. Vi er ikkje heilt på dei første minuttane etter pause heller, noko som gjere at Byåsen har mulighet til å auke leiinga si i opningsminutta. Etter dette tek vi over kampen, spelar god fotball og skapar mange sjansar. Vi både reduserar og utliknar i første delen av omgangen. På slutten køyrer vi kampen nesten totalt og har fleire store sjansar til å avgjere. Ein meget solid laginnsats, mykje godt spel både offensivt og defensivt og ikkje minst eit godt resultat mot ein god motstand. Dette var periodevis opp mot vårt toppnivå – då er vi gode !

Trondheims Ørn 2 – FK Fortuna Ålesund
Treningskamp Ørn Arena 04.03.18

 Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Oda Tennfjord, Kristine Gulbrandsen
Mette Muri(K), Anna Fjørtoft
Camilla Smith-Nilsen, Eva Hormazabal, Nora
Katarina Sunde

Innbytte :
– 46min. Mette og Cecilie ut. Helena Vattøy og Ida Kroken inn.
– 60min. Camilla, Eva og Katarina ut. Ingrid Vatne, Vivian Saadi og Kari Skovly.

Mål :
– 1-0 28min.
– 1-1 71min. Ida(str.)(Vivian).
– 2-1 84min.

 

Kampen :

Det er alltid ein «fare» for at det blir litt «dagen derpå» etter ein slik kamp vi leverte lørdag. Eg frykta det på førehand og det vart også realiteten. Utan den same energien i spelet var vi veldig ofte nest best i det meste før pause. TØ leia heilt fortjent 1-0 til pause, i ein omgangen der vi sleit med samhandlinga både offensivt og defensivt. Det betra seg mykje i andreomgangen, då er vi det beste laget. Vi har mest ball, skapar dei fleste sjansane og har betre kontroll defensivt. Vi utliknar til 1-1 på straffe ved Ida, og har gode mulighetar til å gå i leiing. I staden er det TØ som utnyttar ein situasjon dødball, der dei skyt i mål. Totalt sett ein kamp der vi periodevis viser fram botn-nivået vårt. Kampar mot god motstand er alltid den beste læringa, då får ein klare svar på plussar og minusar – Nettopp slik vi har fått i helga. Neste lørdag tek vi turen til Fosshaugane Campus. Der møter vi Fyllingsdalen FK til kamp kl.14.00.

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund