Nardo FK – FK Fortuna Ålesund
10. serierunde Nissekollen kunstgress 11.08.18.

Resultat : 0-4(0-3).
Gule kort : Ingen.
Dommar : Runar Børge Nilse, Sverre IL.
Tribune : Ca. 50 tilskodarar.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine O. Muri, Cecilie Otterlei, Helena L. Vattøy, Kristine Gulbrandsen
Mette O. Muri(K) og Oda S. Tennfjord
Kari Skovly, Nora Ferstad, Ingrid Vatne
Vivian Saadi

Innbytte :
-62min. Stine Reite, Ellijanne Andersson og Vilde Kroken inn.
Helena, Kristine og Ingrid ut.

Ellijanne S. Andersson fekk i dag sin offisielle debut for klubben !
Stine Reite og Stine O. Muri spelte i dag begge sine 50. offisielle kamp for klubben !

Mål :
– 0-1 12min. Høstsesongens første mål vart eit vakkert angrep. Cecilie spelar ei klassepasning til
Kari på løp i bakrom. Ho kjem seg fri legg innlegget langs bakken til Vivian på a6 meteren.
Vivian legg til rette på førstetouch før ho klinkar ballen i mål i lengste vinkel.

– 0-2 28min. Vi får eit frispark på 17 meter. Nora og Vivian stiller opp rundt ball.
Etter litt fram og tilbake blir det bestemt at Nora skal skyte. Det kan ikkje bli betre !
På vakkert vis curlar ho ballen om muren og limar den i mål heilt oppe i krysset.
Eit frispark frå øvste hylle !

– 0-3 41min. Eit nytt flott etablert angrep, der både Kari og Nora er sentrale, før
ballen går ut til Ingrid på venstrekanten. Ho svingar den perfekt inn mot bakre stolpe
og frå 8-9 meter så heddar Vivian ballen strålande tilbake i lengste hjørne.

-0-4 85min. Vivian vinne ballen i 16 meteren og blir hekta og algt i bakken.
Cecilie set straffa sikkert i mål.

Kampen :
Litt smånervøst dei første minutta, men etter at vi får 1-0 leiing etter 12 spelte
minutt, så det det aldri nokon tvil. Vi styrar resten av omgangen totalt.
Vi skårar 2 vakre mål til og skapar 4-5 store sjansar utanom skåringane.
Ein total sett meget solid og profesjonelt gjennomført omgang.
Andreomgangen i dag blir litt meir ujamn, vi slurvar litt meir med ball
slik at spelet ikkje flyte like bra i periodar. Uansett så skapar vi like mange
klare sjansar i denne omgangen, men vi er litt for upresise i avsluttningane.
Til slutt får vi skåringa vår, slik av vi også «vinne» andreomgangen, som vi hadde
som eit delmål i pausepraten.

Trenarkommentar :
Etter ein litt uroleg sommar med spelarar ut og inn, så var det litt ekstra
spenning rundt høstsesongens første seriekamp.
Heldigvis fekk vi første skåringa tidleg, slik av vi fekk ei fin ro i spelet vårt.
Det som ofte er så fint med fotballen, er at når nokre forsvinn, så kan
andre stå fram, få muligheten til vise sine kvalitetar og sitt potensiale.
Uansett så er det alltid laget sin samla
prestasjon, som er avgjerande for om ein vinn eller tapar fotballkampar.
Det var viktig for oss å få i gang vår nye duo på topp, Vivian og Nora.
Det leverte direkte med godt spel, fantastiske skåringar og viktige bidrag
saman med resten av laget.
Hovudmålet vårt, opprykk, ligg langt der framme som ein sterk ambisjon !
Likevel er vårt hovudfokus å ta ein kamp i gangen, og førebu oss best mogleg
inn mot den for å kunne yte ein best mogleg prestasjon.

No løftar vi blikket og startar jobben inn mot Sunndal som neste motstandar
om kun 4 dagar.

Viste du at ?
Nardo sine to største tap i årets sesong er begge mot Fortuna.
7-0 på bortebane i vår, og 4-0 på heimebane i dag.

Neste kamp er alt kommande onsdag kl.19.00. mot Sunndal på Aksla.

Ta gjerne turen opp for å støtte oss !

Magne